– I vår tid har vi aldri meldt om så stor fare for skred, seier Aart Verhage, regionsjef i NVE.
Han omtaler lågtrykket som «ekstremt». NVE har aldri før sendt ut så mange farevarsel som det siste døgeret.
– Så det blir som det blir. Vi kan ikkje stoppe dette her.
Det går som regel over 50 år mellom hendingar som involverer raudt flaumvarsel, ifølgje NVE.
For flaum og jord-, sørpe- og flaumskred nyttar NVE no det høgaste varslingsnivået (4).
– Dette kan føra til store skadar, seier Elin Langsholt i flaumvarslinga i NVE.
Også Røde Kors melder om skredfare fleire stader.
Størst fare forventast frå natt til torsdag. Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø. Sørpeskred kan løysast ut i relativt slake hellingar der vann samlast opp. For flaum- og jordskred er bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring spesielt utsett.
Kjenner det på kroppen
I Oldedalen i Stryn kommune kjenner mange på ei uro før stormen.
– Vi kjenner det på kroppen alle vi som bur her. Kva kan skje denne gongen, seier Tina Henningsen Gjerde.
UROA: F.v. Jacob Gjerde, Tina Messingsen Gjerde og Jacob Gjerde er førebudde før Gyda inntreffer. Dei kjenner likevel på ei uro.
Foto: PrivatBygda opplever jamleg å vere innestengde. Fylkesvegen ut av Oldedalen er ein av dei mest rasfarlege i landet.
Denne gong har innbyggarane tatt sine forholdsreglar. Tysdag var lokalbutikken full av folk som gjorde seg klare før stormen.
– Me har skaffa mat og proviant og sjekka om vi har drivstoff til aggregat. Det er mange som driv gardsbruk her, så det må vi ha på plass, seier Gjerde.
I tillegg førebur bygda seg ved å sikre at jaktradioane er ladde og klare til bruk. Det er slik folk held kontakt seg imellom om eit straumbrot inntreffer.
Skulen må ungane ta heimanfrå. Alle held seg heime.
– Ja, me tek ikkje sjanse på liv og helse. Det kjem alle her til å gjere når det er slikt vêr i vente, seier Gjerde.