Hopp til innhold

Slik kan du pynte til jul med hjul

Er du bilinteressert? Her kan du få gode tips til ei litt annleis pynting.

(H)juletre

GOD H (JUL): Tre hjul = hjuletre, skriv Adrian Paulen på Facebooks-sida si. Og sidan han skal på familiebesøk på julaftan, må ikkje hjula vike for ein haug med pakkar.

Foto: Adrian Paulen

I ei stove på Sandane i Gloppen står eit nypynta juletre. Under ligg noko litt uvanleg.

– Eg tykkjer det er morosamt og gjorde det mest for humor, ler Adrian Paulen.

34-åringen har for andre året lagt noko litt spesielt under treet, nemleg tre hjul.

– Eg fekk så mange bilete av kjente som hadde masse gåver under treet, så eg ville ikkje vere dårlegare. Eg har ein del hjul liggande, så eg la dei under.

– Kor mange har du lagt der?

– Det er tre. Tre hjul = hjuletre, ler han.

Kostbare felgar

Det meste av pynten på sjølve treet er ganske vanleg, det er faktisk berre to bilar her. Og så har ein Lego-bil i vindaugskarmen og ein kopi av ei gammal bensinpumpe ved sida av.

– Kor interessert der du i bil?

– Eg har vakse opp med bil. Far dreiv bil- og dekkbutikk. Sjølv jobbar eg som bilseljar på Sandane. Eg mekkar ikkje så mykje sjølv, der få eg god hjelp av kompisar.

Hjula høyrer til «sommarbilen» hans, ein VW Golf R32. Og som du kan sjå på biletet, så er felgane forskjellige. Det er fordi han har fleire sett med hjul.

– Felgane er ganske kostbare, så eg pleier å lagre dei inne i huset. Difor passa det fint å leggje dei under treet.

Og du må ikkje tru at dei er skitne.

– Dei er vaska og heilt reine, fortel han.

Mykje latter

Og mange har likt påfunnet hans.

– Det er kanskje ikkje så fint, men det er annleis og det blir mykje latter når eg har venner på besøk, fortel han.

Les også andre julesaker på NRK.no:

Har du eit (jule)bilete du vil vi skal sjå, kan du merke det med #nrksf på Instagram.

(H)juletre

JULEPYNTA: Tre hjul under treet, litt bilpynt på greinene, ein Lego-modell av ein minibuss og kopi av ei gammal bensinpumpe.

Foto: Adrian Paulen