Hopp til innhold

Her kan du høyre tidenes mest populære juletrehogst

Er du blant dei som ikkje kjem i skikkeleg julestemning utan «Du grøne glitrande tre»? I så fall kan du høyre det her.

Alfred Maurstad spelar alle rollene i Arthur Klæbo sitt høyrespel "Du grøne glitrande tre".

HØYR: «Du grøne glitrande tre» er skrive av Arthur Klæbo. Alfred Maurstad spelar alle rollene i høyrespelet.

Høyrespelet om faren som er i skogen saman med borna for å hogge juletre, er å finne i det rikhaldige radioarkivet vårt.

Så då er det berre å starte spelaren når du føler for det, og du kan høyre vårt lokale svar på «Grevinnen og hovmeisteren» så mange gonger du vil.

Høyrespelet «Du grøne glitrande tre» kom for første gong på riksradioen vesle julaftan 1952. Nordfjordingen Maurstad gjorde manuskriptet til Arthur Klæbo til levande radio, med seg sjølv i alle rollene.