Hopp til innhold

Fleire nye varmerekordar på 17. mai

Det er berre å finne fram solkrem og solbriller. Det er sett fleire varmerekordar allereie i dag.

17. mai i Oslo 2024

OSLO: Strålande sol og mykje folk på Karl Johan

Foto: Javad Parsa / NTB

– Mykje sol! Det kan bli den varmaste 17. mai på mange år.

Slik oppsummerer statsmeteorolog Jon Smits 17. mai-vêret i Noreg.

Fleire nye rekordar i dag

Og i ettermiddag kom dei første meldingane om nye rekordar. Det skriv VG. Lista dei har fått viser desse rekordane.

  • Stavanger: 23,9 grader – førre rekord var 23,4 i 1980
  • Molde: 24,7 grader – førre rekord var 22,7 i 2019
  • Namsos: 25,7 grader – førre rekord var 24 i 2019
  • Bodø: 21,5 grader – førre rekord var 21,1 i 2013

Til NRK seier statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane at dette var temperaturar som var målt før klokka 14 og at det kan bli endå varmare utover dagen.

– Det er veldig mange stasjonar som har sett varmerekord så langt i dag, fortel ho.

Varmast i Vestland er Sandane med ny rekord på nasjonaldagen med 23,7 mot 23,3 grader som blei målt i 2013.

17. mai frå Fløyen i Bergen

NYDELEG VER: Slik ser det ut frå Fløyen i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Les også Se lesernes 17. mai-bilder

James Cook University, Queensland, Australia

Kan bli betre enn 1973

Tidlegare i dag sa Jon Smits at det blir spennande å følgje med utover dagen.

– Den varmaste temperaturen nokon gong er i Gvarv i Telemark i 1980. I går var det faktisk 28,5 grader i Steinkjer, så det blir spennande å følge med på temperaturen utover dagen.

Og totalt sett når det gjeld både temperatur og nedbør må vi tilbake til 1973 for å finne ein like fin 17. mai som i år.

– I 1973 var det berre bitte litt regn i Noreg, så dette året bryner seg litt på denne.

Gode råd i sola

– Best bunadsver blir det kanskje i Longyearbyen der 2000 personar feirar 17. mai. Her blir det overskya ver og temperaturar like under null grader, sa Jon Smits til NRK i føremiddag.

Ifølgje Meteorologisk institutt vil det vere overskya berre heilt nord i Finnmark og på Spitsbergen. Temperaturane ligg an til å bikke 20 grader så langt nord som Troms.

I Sør-Noreg blir det mykje sol, men kanskje ikkje skyfritt overalt.

– Sør i landet blir det truleg temperaturar rundt 25 garder og nokre stader over dette.

Og med ein varm dag dei fleste stader i Noreg, er det viktig å tenke på å få i seg mest mogleg væske.

– Helst utan altfor mykje med alkohol. Og hugs på solkremen. Det gjeld særleg dei som er i fjellet. Dei må passe ekstra på for der er UV-strålinga ekstra høg, seier John Smits.

Morgenstund på Aurlandsfjellet (Jernhetta) 1350 moh med utsikt ned mot Aurlandsfjorden og Flåm innerst i fjorden.

PÅ FJELLET: Morgonstund på Aurlandsfjellet 1350 m.o.h. med utsikt ned mot Aurlandsfjorden og Flåm inst i fjorden, fortel Jan Christian Jerving som har sendt dette biletet.

Foto: Jan Christian Jerving

Men i Nesseby i Finnmark er det ikkje like stort behov for solkrem og rikeleg med drikke.

– Det var litt kaldt og friskt. Ullongs og ullundertøy var det absolutt bruk for, fortel Hege Anita Roska Wikstad som nyleg har gått i toget i Nyborg.

I Nesseby er det rundt tre grader og overskya, men Wikstad tek vêret med godt mot.

– Vi veit kvar vi bur. Det går helt fint. Og så veit vi at ein annan dag får vi kjempefint ver. Så det går greitt, seier ein lattermild Wikstad.

17. mai-feiring i Nesseby

LITT KALDARE: 17 mai-feiring i Nesseby i Finnmark

Foto: Hege Anita Roska Wikstad

Endringar i pinsa

Resten av pinsa blir truleg ikkje like fin i alle delar av Noreg. Lengst nord blir det regn frå Finnmark til Møre og Romsdal, medan lenger sør i Noreg blir det sol pinseaftan.

1. pinsedag endrar vinden seg slik at det blir lågare temperaturar,

– Det blir- bygevêr og snøgrensa vil falle kraftig, og det kan bli sludd og snø heilt ved kysten i Troms og Finnmark og i høgda i Nordland. Det blir regn i Trøndelag og Møre og Romsdal, men ein god del sol i resten av Sør-Noreg

2. pinsedag held fram med byer lengst nord i landet.

– Sørover blir det vekslande ver. Det blir framleis ein god del sol i resten av Sør-Noreg, men temperaturen kan falle.

Ver obs på brannfaren

Og med ein 17. mai og ei pinsehelg som ser veldig bra ut vêrmessig, så har Smits ei påminning til folk.

– I Sør-Noreg er det tørt etter lange periodar med tørt ver. Så pass på ved bruk av open eld ute. Ta grillinga på ein sikker stad, oppmodar han.

17. mai i Ålesund

ÅLESUND: Festpynta og glade folk i 17. mai-tog.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK
17 mai Kristiansund

KRISTIANSUND: Også i Møre og Romsdal skin sola.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK