Hopp til innhold

Skandale­scener på 17. mai i fjor – no tek storbyane grep

Bunadskledde bråkmakarar og rusa ungdommar prega nasjonaldagen i fleire storbyar i fjor. Politiet håper å unngå likande tilstandar i år.

Mann i bunad lagt i bakken av politiet på 17. mai

BRÅK I BUNAD: Ein mann kledd i bunad blir lagd i bakken av politiet på Torgallmenningen i Bergen 17. mai i fjor. Meir synleg politi og fleire familiearrangement skal redusere openberr fyll i år.

Foto: Magne Turøy / Bergensavisen

– Folk drakk seg ikkje full i bunaden før, på same måte som dei gjer no. I min ungdom var vi mest opptatt av å drikke vatn for å pleie fyllesjuka, fortel stasjonssjef Lars Morten Lothe ved Bergen sentrum politistasjon.

Både politiet og 17. mai-komiteen i byen bur seg på det verste framfor feiringa av nasjonaldagen komande helg.

Etter pandemien har 17. mai i fleire av storbyane utvikla seg til ein real fyllefest midt i mellom feirande born og familiar.

Berre i Bergen hadde politiet om lag 220 oppdrag som omhandla drikking på offentleg stad, slagsmål og ordensforstyrring. Politiet uttalte at dei aldri hadde sett så mange synlege rusa menneske samla på ein stad.

– Aldri sett så mange rusa menneske på ein gong Politiet ber foreldre skjerpe seg: – Aldri sett så mange berusede unge mennesker på en gang

Politiet forsøkjer å ordna opp i bråk i Strandgaten i Bergen den 17. mai

– Interessekonflikt

I fjor var det spesielt mange ungdommar frå 15–20 år som var overstadig rusa på stoff og alkohol og laga bråk midt i sentrum på ettermiddag og kveld. Resultatet blei i fleire tilfelle slagsmål.

17. mai er jo i utgangspunktet borna sin dag. Så det blir ei interessekonflikt mellom dei som ønsker å feste på «vaksenvis» og barnefamiliar, seier politistasjonssjef Lothe.

Også i andre større byar var det mykje bråk. I Oslo meldte politiet om ei travel natt med over 100 oppdrag og ungdommar ned i 13-års alderen som var påverka av rusmiddel.

I Tromsø reagerte både politi og barnefamiliar på kor tidleg på dagen folk var tydeleg rusa og meiner at det har gått sport i arrangere dei villaste sjampanjefrukostane. Lokalavisa iTromsø kunne fortelje om småbarnsfamiliar som valde å ta feiringa heime for å unngå fyllefesten i byen.

Politiet på torgallmenningen 17.mai

Det var mykje synleg politi på Torgallmenningen på 2023. Slik blir det også i år.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Slik førebur storbyane seg til 17. mai

Oslo

I Oslo førebur politiet seg på høgt trykk i utelivet på nasjonaldagen.

Martin Strand, leiar for felles operativ teneste, fortel at politiet vil vere til stades og legge til rette for ein trygg og sikker nasjonaldag.

– Vi har lang erfaring med tryggleik rundt store arrangement, og eit godt samarbeid med kommunar og arrangørar. Vi set i verk dei tiltaka vi meiner er nødvendige – både synlege og ikkje synlege.

Stavanger

17. mai-komiteen har hatt tett dialog med både politi og serveringsstadar og sett vakthald, skjenkereglar og volum på agendaen.

Tidlegare år har born og unge ofte blitt ståande og vente på sin tur i folketoget rett ved sidan av uteserveringane i byen. Det skal dei sleppe i år.

– Vi legg til rette for at born ikkje skal stå lenge utanfor serveringsstadar og vente på folketoget. Det tar lang tid frå første til siste i toget går. Så det er ingen poeng i å møte opp ein time før toget skal gå, fortel Line Møllerop, leiar i 17. mai-utvalet i Stavanger.

Trondheim

– Tenk på at det er borna sin dag. Ikkje knert ei cava-flaske eller ein pils i det folketoget passerer, sei Radino Dizza Zulfi Mahendra, leiar av 17. mai-utvalet.

No som det er meldt fint vêr og 17. mai kjem med fri dagen etter, så håpar ikkje Mahendra at folk drar feiringa for langt.

17. mai-utvalet oppmodar folket til å vise omsyn. I tillegg minner han folk om å inkludere dei som ikkje har nokon å feire med.

– Ta med ein ekstra stol og lag plass til ein ekstra person. Det kan bety mykje.

Tromsø

Leiar for 17. mai-komiteen, Jack-Arne Giæver Nilsen har registrert at openlys fyll og festing har vore ei utfordring i Tromsø også.

– Vi er ikkje noko moralpoliti, men vi har gått ut og anmoda folk om å vise omsyn. Det er tross alt bornas dag og vi må vise omsyn til våre minste medborgarar.

Han fortel også at dei har dialog med restaurantane som har valt å utsette skjenkestart til langt utpå dagen.

Fredrikstad

Overstadig rusa ungdom prega bybildet i Fredrikstad 17. mai i fjor. I år bemanner politiet kraftig opp, og vil vere godt synlege i sentrum.

I år samarbeider politiet i Fredrikstad med utelivsbransjen og kommunen for å førebygge. No håpar politiet at foreldra tar eit tydeleg ansvar i forkant.

– Vi kjem med ei sterk oppfordring til foreldre og ungdom om å gjere sitt for å sørge for at nasjonaldagen blir ei hyggeleg feiring for alle. Utfordringa dei siste åra har vore særleg på dagtid, heilt frå 11.00-12.00 tida på formiddagen, før barnetoget startar, seier nærpolitisjef i Fredrikstad, Even Klund.

Også i Færder har det vore problem med fulle barn og ungdommar på 17. mai. Der er det innført forbod mot vesker og sekker i barnetoget etter at fleire elevar var fulle i barnetoget i fjor.

Politiet aukar bemanninga i Bergen

Før var det 16. mai som var den store festdagen, fortel Lothe. Då merka politiet eit større trykk natt til 17. mai, medan sjølve nasjonaldagen var rolegare.

No er folk i festmodus frå tidleg på dagen 17. mai til langt utpå natta. Det er ein trend politiet har merka over fleire år.

I år, som i fjor, er det fridag 18. mai og gode moglegheiter for å ta feiringa heilt ut.

Det skapar ei utfordring, fordi fleire truleg vil ha seg ein fest. Men vi tek høgde for det, både med tanke på bemanning og andre førebyggande tiltak.

I år skal politiet vere langt meir synlege i bybildet enn tidlegare, fortel Lothe.

Dei har auka bemanninga og endra på vaktplanane for å ha mykje folk på plass også på dagtid.

– Vi har endra på vaktsetta slik at vi har betre dekning på dei tidspunkta vi har sett at det er mange oppdrag og mange folk i byen.

Lars Morten Lothe, stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon

Det er ikkje trygt å drikke offentleg på 17. mai i år heller, seier stasjonssjef Lars Morten Lothe ved Bergen sentrum politistasjon.

Foto: Alrik Velsvik

Vil slå ned på offentleg drikking

På spørsmål om offentleg drikking fortel Lothe at dei spesielt kjem til å slå ned på drikking i nærleiken av familiearrangement. Kor hardt ein slår ned på det er avhengig av tid, stad og folkemengde.

– Det er ikkje trygt å drikke offentleg. Det er framleis slik at det straffast med bøter å drikke på offentleg stad, minner Lothe om.

17. mai-feiring i Bergen

Rett skal vere rett, dei fleste kosa seg og laga god stemning på 17. mai fjor. Her frå hovudprosesjonen.

Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB

Meir aktivitet på Torgallmenningen

Saman med politiet har 17. mai-komiteen i Bergen kommune blitt einige om å ha meir organisert aktivitet på Torgallmenningen.

Formann i komiteen, Cecilie Lycke, fortel at det blir program med musikk og dans frå tidleg ettermiddag til kveldstid.

Med slik familievenleg underhaldning håpar Lycke området vil vere mindre prega av fyll og festing.

– Vi har ikkje nokon grunn til å tru at det ikkje blir unge som drikk, men vi har i alle fall eit håp om at det vil bli dempa ved at det er fleire vaksne til stades, i tillegg til at politiet passar godt på.

Cecilie Lycke, formann 17. mai komite

Formannen i 17. mai-komiteen i Bergen, Cecilie Lycke, syntest ikkje det var så hyggeleg på Torgallmenningen i fjor.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ber folket og spesielt foreldre om å ta ansvar

I Bergen håpar stasjonssjef Lothe at innbyggarane sjølve vil ta meir ansvar for ei fin feiring av nasjonaldagen.

– Det er først og fremst opp til innbyggarane sjølve kva 17. mai dei vil ha, seier han.

Både 17. mai-komitéen og politiet trekker fram foreldre som viktige.

Lothe oppfordrar dei til å vite kva tenåringane driv på med og å ikkje sende dei til byen aleine.

– Dei må styre og regulere åtferda. Det er difor vi har foreldre. Så ha kontroll, for å sei det sann.