Hopp til innhold

Forbod gjorde slutt på villcamping

HODDEVIK (NRK): Bygdefolk jublar over at villcamparane er vekke. Ordførar rår andre kommunar til å vurdere å innskrenke allemannsretten. Turistforeininga er bekymra over forbodslinje.

Camping i Hoddevik

PERLE: Svært mange reiser til Hoddevik. Dette biletet er frå campingplassen der det er lov å telte.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Før forbodet kom kunne eg telje 29 telt på same stad, no er situasjonen absolutt betre, seier Stig Hoddevik.

Rett før sommarferien innskrenka dei fyrste kommunane her til lands allemannsretten i naturen.

I surfebygdene Hoddevik og Ervik i Stad kommune er det no campingforbod i avgrensa område der det før var vanleg å telte. Årsaka var forsøpling og avføring i naturen.

To månadar seinare fastslår innbyggarane at tiltaket har vore ein suksess.

– Dette er eit veldig godt tiltak, det var vakse av kommunen å ta tak i dette kjapt, seier Jan Ove Hoddevik.

– No er villcampinga faktisk heilt vekke, og ikkje eit problem lenger.

Jan Ove Hoddevik

NØGD: Jan Ove Hoddevik er letta etter sommaren.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Avgrensa allemannsretten

Allemannsretten er rekna som arvesølvet i norsk friluftsliv. Det gir folk rett til å ferdast fritt i naturen.

19. juni justerte regjeringa Friluftslova og gjorde det lettare å innskrenke allemannsretten.

Då vart det presisert at kommunane ikkje lenger treng godkjenning frå Fylkesmannen før dei vedtek forbod mot camping.

Også i Hasvik kommune i Troms og Finnmark har allemannsretten nyleg blitt innskrenka. I fylgje ordførar Eva D. Husby (Ap) øydela bubilar og telt i nærleiken av badeperla Sandvika for lokalbefolkninga.

– Tilreisande gjester kan sjølvsagt bruke stranda som alle andre, men ikkje okkupere den med telt og bubilar.

Husby seier dei vil vidareføre forbodet.

– Vi fekk ein del kritikk til å byrje med, men no er folk godt nøgde. Vi tenker med skrekk og gru på korleis sommaren kunne blitt utan eit nei til villcamping.

– Godt verkemiddel

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad kommune er godt nøgd med at villcampinga no er under kontroll.

No rår han andre kommunar å vurdere det same.

– Ein må vere tilbakehaldne med denne typen avgrensingar, men på stadar med enormt trykk så er dette eit verkemiddel som er mogleg å vurdere, gjerne i kombinasjon med anna god tilrettelegging.

Bjørlo seier dei også har auka kapasiteten på toalett og renovasjon.

– Folk i bygdene er tydelege på at tilreisande er velkomne, men i kontrollerte former.

Hoddevik

HODDEVIK: Den isolerte bygda ligg tett på storhavet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Turistforeininga skeptisk

Men Den Norske Turistforening er skeptisk. I fylgje ei kartlegging VG har gjort vurderer no fleire kommunar å følgje etter.

– Hovudfaren er at det blir enkelt og billeg å lage ei forbodslinje, i staden for å satse på informasjon og tilrettelegging, seier avdelingsleiar for natur og friluftsliv Anne-Mari Planke.

– Om det vert mange slike forbod rundt omkring i landet, kan det bli eit uoversiktleg bilde for folk som skal på tur, meiner ho.

Stadig fleire teltar i norsk natur. Planke seier DNT forstår at det nokon stadar kan bli så mange besøkande at det blir uleveleg, og at ein difor må gjere nokon grep.

– Det er mange nye folk ute i naturen, då kan det vere rett å ha litt is i magen og satse på meir opplæring i staden for forbod.

– Teltplass er ingen menneskerett

Ikkje alle stadar har forbod vore vellukka. I Lodalen nokre mil lenger aust i Nordfjord, har politiet måtte rykke ut.

I Hoddevika har mange heller telta i fjella kring bygda, enn å sette dei opp nær husa og stranda. Det fungerer greitt, seier bygdefolket.

– Det er ingen menneskerett å få plass i Hoddevika, er her fullt må folk finne seg ein annan stad som ikkje går på kostnad av natur og kultur, seier Jan Ove Hoddevik.