Hopp til innhold

Kommentator etter byrådets avgang: – Ordboksdefinisjonen på krise

Bystyremøtet fekk ei dramatisk avslutning då byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) meldte sin avgang. – Eg forstår ikkje kvifor han venta så lenge med kabinettspørsmål, seier kommentator.

valhammer går av

GJEKK AV: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) gjekk av då forslaget om å bygge Bybanen i tunnel fekk fleirtal i onsdagens bystyremøte.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Det var med eit knapt fleirtal at opposisjonen fekk gjennomslag for å legge Bybanen gjennom tunnel, med 34 mot 33 stemmer.

Før voteringa trua byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) med at byrådet kom til å trekke seg dersom tunnelforslaget fekk fleirtal.

Og det var nettopp det som skjedde.

– Det er ordboksdefinisjonen på ei krise når byrådet går av og byen er utan styring, seier BT-kommentator Morten Myksvoll om den dramatiske konklusjonen.

– Forstår ikkje kvifor han venta så lenge

Myksvoll fortel at det gjekk rykte under møtet om at byrådsleiaren kom til å trekke seg. Han meiner det er eit naturleg utfall all den tid frontane i debatten har vore steile.

– Det var ikkje slik at opposisjonen berre gjekk for fagetaten sitt tunnelforslag som er 2,2 milliardar kroner dyrare og har høg risiko, men for det Valhammer kallar for eit endå verre forslag, som er endå dyrare og treff færre passasjerar.

Ifølge Myksvoll tilseier ei parlamentaristisk styreform at «byrådet gjer som bystyret seier så lenge byrådet gidd».

Morten Myksvoll 2017

KRISE: BT-kommentator karakteriserer avgangen til byrådsleiar Roger Valhammer som ei politisk krise.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ein kan ikkje sitte som byrådsleiar i Bergen og administrere noko ein meiner er for dyrt og farleg til å bygge, seier han.

Utspelet om å trekke seg kom for seint til å ha nokon innverknad på debatten, meiner Myksvoll.

– Eg forstår ikkje kvifor han venta så lenge med det. I staden for å la det ligge i lufta, så kunne han ha vore tydlegare og gitt opposisjonen ein sjanse til å ta stilling til kabinettspørsmålet.

– Omkamp ikkje ei god løysing

I kjølvatnet av byrådsleiaren sin avgang har det blitt peika på Harald Victor Hove (H) som mogleg arvtakar.

– At Valhammer går av i staden for å gjennomføre vedtaket frå fleirtalet er beklageleg, men hans soleklare privilegium. Eg skal i samtale med ordføraren i morgon tidleg og vil bidra til at han får eit godt grunnlag for å finne ut kven som no får oppdraget med å styre byen, seier Hove til NRK.

Harald Victor Hove

KANDIDAT: Harald Victor Hove kan bli ny byrådsleiar i Bergen etter at Roger Valhammer (Ap) meldte sin avgang.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ifølge Morten Myksvoll blir det no Høgre, Rødt, FNB, Frp, fleire uavhengige representantar og eit splitta Senterpartiet som skal finansiere Bybanen til Åsane, og danne fleirtal for bybudsjett.

– Rødt og Høgre har ikkje for vane å samarbeide om eigedomsskatt og private innslag i velferda, så eg trur det blir vanskeleg.

Hove (H) trur heller ikkje eit Høgre-byråd får støtte frå Rødt, men seier dei er villige til å snakke med alle partia som skal sørge for at bestillinga av Bybanen i tunnel blir gjennomført.

– Eg trur ikkje ein omkamp om dagens vedtak er ei god løysing. No må vi respektere vedtaket og gå vidare.

Det er no knytta stor spenning til om det er nok støtte i det politiske Bergen til å danne eit Høgre-byråd. Her kan Rødt bli ei viktig brikke. Rødt-leiar og bystyrerepresentant Mailiss Solheim-Åkerblom ønsker ikkje å kommentere korleis partiet stiller seg i saka.

– Veldig skuffande

Synne Selvik, medlem i aksjonsgruppa Bergens mødrer, er skuffa over utfallet etter dagens bystyremøte.

– Vi hadde eit ørlite håp om at nokon ville ta til fornuft og lytte til uavhengige fagfolk. Vi meiner det er utruleg at ein let ein slik historisk moglegheit gleppe.

Synne Selvik

SKUFFA: Synne Selvik er medlem i aksjonsgruppa Bergens mødrer som har engasjert seg i Bybanesaka. Ho er veldig skuffa over at fleirtalet gjekk for tunnelforslaget.

Foto: PRIVAT

Bergens mødrer er ei tverrpolitisk og økonomisk uavhengig gruppe som har engasjert seg i Bybanesaka.

Dei meiner Bybanen bør gå over Bryggen.

– Det er det mest skånsomme alternativet. Tunnelforslaget er ikkje greia ut, og vil også føre til sprenging og riving midt i Bergen sitt hjarte.

Ifølge BT-kommentator Morten Myksvoll kan vedtaket om Bybanen i tunnel føre til store forseinkingar i prosessen.

– Om det kom eit vedtak om Bryggen i dag kunne det kanskje kome eit ferdig trasé innan ti år. No blir det ein tre til fem års utsetjing for å greie ut og planlegge tunneltrasé i sentrum, så gudane veit når Bybanen til Åsane står ferdig.

LES OGSÅ: