Hopp til innhold

Sju tips mot strevsame heimelekser

Vi har ikkje fasiten på korleis ein skal handtere leksebruduljar, berre nokre forslag.

Thea gjer lekser

VER TILGJENGELEG: Som forelder er det viktig at du hjelper til og motiverer, meiner ekspertane.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Leksedebatten har blussa opp att dei siste vekene, og mange har ytra sine meiningar. Men, for dei fleste så er det slik at heimeleksene gjerast, trass i tidsklemma både foreldre og born har hamna i.

Så, korleis kan ein få det beste ut av det? Vi høyrde med Steinar Strømsli og Helga Hjetland. Som høvesvis leiar av Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane og tidlegare leiar av Utdanningsforbundet, tenkte vi dei nok hadde noko å bidra med. Her er deira beste tips.

1. Lag reglar

Rutinar er viktige, både for liten og stor. Det er lurt å lage eit fast lekseopplegg som er lett å stelle seg til.

– Ein må lage seg nokon ritual, eit slags reglement, slik at ein har eit system som er likt frå dag til dag. Til dømes kor lenge ein skal sitje med leksene, seier Hjetland.

Helga Hjetland

IKKJE KVAR DAG: Tidlegare leiar av Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, seier at ein ikkje bør gjere lekser meir enn ein til to gonger i veka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Strømsli meiner at det også er viktig med tid og stad.

– Det er viktig at det er faste rutinar på kor og når leksene skal gjerast, seier han.

Les også: Avviser at lærarar vil miste jobben

2. Ver tilgjengeleg

Sjølv om du ikkje alltid vil ha noko vituge å kome med, er det viktig at du er der for å dytte vidare i rett retning når det begynnar å lugge litt.

– Foreldra må vere der for praktisk hjelp og motivasjon. For mindre born kan berre ein liten bagatell gjere til at dei stoppar opp i arbeidet og blir umotivert, seier Strømsli.

3. Ikkje gjer lekser kvar dag

– Snakk med læraren om å få vekelekser, ikkje lekser som går frå dag til dag. Då blir det lettare å legge opp veka, seier Hjetland.

Ho meiner at det ikkje skal stele kvar ettermiddag.

– Mange born er med på litt for mykje, og viss foreldra ikkje kjem heim frå jobb før klokka fem, så blir det seine kvelden.

– Set av ein dag til leksene, og spar dei andre til fritidsaktivitetar, seier ho.

Jente med pc og mobil

SET PÅ ALARM: Bruk mobilen til å gje deg sjølv pausar i leksearbeidet.

Foto: Monkey Business Images

4. Set på alarmar

For å passe på at hovudet får avbrot, kan ein idé vere å nytte alarmar på mobilen.

Då slepp ein å bli utsliten etter at leksestunda er over, samstundes som at ein ikkje rekk å bli like lei som ein ville blitt om alt skulle skje i eitt krafttak.

– Dotter mi set på alarmar på mobilen. Til dømes sit ho og skriv i fem minutt før ho tar ein pause. Det har vore veldig motiverande for ho, seier Strømsli.

Les også: Elise fekk A i absolutt alle fag!

5. Lær dykk å setje pris på leksene

Sjølv om leksene kanskje er det aller siste ein vil bruke ettermiddagane på, kan det vere lurt å tenke på at det er ein fin måte å følgje med på borna.

– Leksene er der litt for foreldra si skuld og. For at dei skal få ei oppleving av korleis læresituasjonen til barnet er. Det oppdagar du berre gjennom måten dei tilnærmar seg leksearbeidet på. Det er bornas arbeidsliv de får eit innblikk i, seier Hjetland.

Les også: Elevane støttar lærarane

6. Vit kva de har rett på

Viktigast av alt, meiner Strømsli, er det å vere klar over kva leksene faktisk skal vere.

– Lekser skal vere repetisjon av noko ein kan frå før, seier Strømsli.

Steinar Strømsli

SKAL VERE REPETISJON: Leiar av Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, ber foreldre gå til skulen og sei frå dersom leksene ikkje er repetisjon.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Viss foreldre opplever at leksene ikkje er repetisjon, men innarbeiding av ny kunnskap, må dei gå til skulen, seier han.

Det er Hjetland heilt einig i.

– Ta det opp på foreldresamtalar! Det viktigaste er at lærarar passar på at det eleven skal gjere heime er overkommeleg, seier ho.

Les også: Håpar å unngå skulenedlegging

7. Det er godt nok å vere motivator

– Når det gjeld dei litt eldre borna, er det ofte mange fag foreldra ikkje føler dei kan hjelpe like mykje til med lenger. Då er det viktig å hugse på at det held å vere ein motivator, seier Strømsli.

I mange tilfelle kan det vere nettopp det den slitne leksearbeidaren treng.

– Still spørsmåla på nye måtar for å setje i gang tankeprosessen til barnet ditt, seier Strømsli.