– Eg må vedgå at eg vart veldig forundra då eg fekk telefonen frå skulen. Eg tenkte kanskje at det var noko med studia til hausten, men då dei byrja å snakke om vitnemålet mitt forstod eg ingenting, seier lærarstudenten.
For i telefonen fekk ho beskjed om at ho var den einaste ved skulen som kunne stille med karakteren i A i alle fag.
– Eg er vel litt overraska over at det er så uvanleg. Men eg har arbeidd for det, seier 24-åringen.
Pendla i fire år
Som lærarstudent ved Høgskulen i Volda, men med adresse i Stryn, har det blitt mange timar i bil til og frå dei siste fire åra ho har vore student.
– Og med studievenninne i bilen har det vorte mykje fagdiskusjonar, ler ho.
Ordet perfeksjonist er ho ikkje framand med, og meiner sjølv ho passar til den karakteristikken.
– Eg likar å ha struktur og orden og å gjere det bra. Då veit eg at eg må ha ein god plan frå første skuledag og gjere mitt beste kvar dag.
– Er det ikkje slitsamt å ha det slik?
– Jo, det kan det vere. Men eg har lært m, eg å leve med det på eit vis, fortel ho på telefon frå sommarjobben ho no er i.
- Les også:
Svært planlagd baby på veg
For pause vert det ikkje mykje tid til for stryningen. I september kjem det ein liten gut til verda, og mamma skal halde fram med studia på skulen.
– Planen er å ta fag gjennom nettstudium. Og å vere mamma. Han i magen er nøye planlagd for å seie det slik, ler ho.
Og sjølv om ho har vore gravid dette skuleåret, har ho ikkje sluntra unna skulen.
– Eg set meg i bilen om morgonen, og skulen startar som regel klokka ni. Vi er heldige og har ikkje undervisning meir enn fram til tolv på føremiddagen. Då er det rett heim for å gjere lekser Men så kjem det middagslaging og trening og alt anna, så då vert det ikkje mykje tid seinare på kvelden.
Om eit år er ho ferdig utdanna, og ønskjer å få seg jobb i heimkommunen.
– Eg håpar eg klarer å få meg ein jobb her.