Hopp til innhold

Avviser at lærarar vil miste jobben

Det er heilt feil at nye kompetansekrav vil avskilte erfarne lærarar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Torbjørn Røe Isaksen

INGEN BLIR AVSKILTA: Det er den klare talen frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Morten Rosenvinge / NRK

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, fryktar store konsekvensar av dei nye kompetansekrava for lærarar. Forbundet meiner det vil føre til at tusenvis blir avskilta og ikkje får undervise, og meiner ordninga for å etterutdanning er for dårlege.

Kunnskapsministeren avviser dette blankt.

– Det er ikkje slik at nokon vil miste jobben på dette. Det er sjølvsagt heilt uaktuelt, og det er heller ikkje riktig at nokon lærarar vert avskilta, seier Røe Isaksen.

Kan søke om unntak frå krava

Dei nye kompetansekrava skal skape best mogleg undervisning, seier han.

– Vi har foreslått at lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk skal ha fordjuping i faget. Sjølv om ein kan vere ein god lærar utan å ha hatt det, meiner vi at ein blir ein endå betre av å ha fagleg fordjuping. Vi meiner også at foreldre og elevar burde kunne vite at lærarane dei møter har fordjuping i faget sitt.

Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet fortalde at kompetansekrava i seg sjølv var velkomne, men at han fryktar konsekvensane av den tilbakeverkande krafta som det no vil få. Røe Isaksen seier at sjølv om krava trer i kraft no vil det framleis vere moglegheit for kommunane til å gi unntak frå krava.

– Unntaket vil vare i alle fall i ti år. Samstundes har vi gjort ei massiv opptrapping av vidareutdanningssystemet, inkludert vikarmidlar så lærarane både for betalt og får vikar, slik at ein skal kunne ta tilleggsutdanning, seier statsråden.

Det er absolutt ingen lærarar som kjem til å miste jobben over dette

Torbjørn Røe Isaksen

– Arbeidsgjevar har ansvar, ikkje læraren

Han legg vekt på at det ikkje er den enkelte lærar som skal ta ansvar for å vidareutdanne seg, men at det er opp til kommunane og skuleeigarane å sikre at dei har kvalifiserte folk.

– Det er kommunane som må gjere jobben med å seie ja til vidareutdanning no som vi har trappa opp tilbodet så sterkt som vi har gjort.

Røe Isaksen fortel at dei har tredobla talet på plassar for vidareutdanning for lærarar, men at det framleis er stor pågang. Han trur dei fleste lærar vil ha fagleg påfyll, særleg når dei også får betalt same løn. Det viktigaste når nye endringar kjem er å ha ei mest mogleg fornuftig overgangsordning, og det meiner kunnskapsministeren at staten har lagt opp til.

– Det er absolutt ingen lærarar som kjem til å miste jobben over dette. Det er forbode. Og så er det eit klart og tydeleg krav til kommunane og skuleeigarane at dei må sørge for at dei nok lærarar vidareutdanning så dei kan fylle desse krava, for dette er ikkje enkeltlæraren sitt ansvar.