No kan det bli slutt på dette haustvêret i nord

Etter mykje fint vêr kan restane av orkanen «Sam» gi ein våt start på helga i Nordland. Men det er til Vestlandet nedbøren kjem først.

Nydelig høstvær i Bø i Vesterålen.

HAUST I VESTERÅLEN: Det har vore fine haustdagar mange stader i Nordland, men no er det venta meir nedbør fram mot helga.

Foto: Bjørnar Hansen

– Det blir vått, fortel vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule om vêret på Vestlandet den næraste tida.

Mange stader på Vestlandet startar haustferien fredag, og det ser ut til å bli ein våt start på fridagane.

Det heile skuldast restane av ein orkan som kjem over havet.

Orkanen Sam er ifølge nettstaden Severe Weather Europe kalla den lengstlevande stormen i orkansesongen over Atlanteren så langt i 2021.

– Det gjeld nok særleg morgondagen, og så blir det kanskje avtakande nedbørsintensitet i løpet av dagen i morgon. Så fortset det litt på laurdag òg, seier Thaule.

Flyttar seg nordover

Også folk i Nordland vil få merke restane av «Sam» i form av nedbør, fortel meteorologen.

– På laurdag byrjar han å gå nordover opp mot nordlandskysten. Så kjem det inn ein ny front på Vestlandet, seier Thaule.

Det er i Nordland, Vestlandet og kanskje også i nordlege delar av Trøndelag det blir mest nedbør, ifølgje meteorologen.

Tone Christin Thaule

RESTANE AV «SAM» GIR NEDBØR: – Han har med seg ein god del nedbør, men det er ikkje unormalt for sesongen at vi får vêr som dette, seier meteorolog Tone Christin Thaule.

Foto: Meteorologisk institutt

Austlandet kan vente seg betre vêr i helga.

– Det vil nok kome litt regn der òg i løpet av morgondagen i samband med vêret vi får inn på Vestlandet. Det vil gi litt nedbør lenger aust når det passerer. Men det mindre mengd enn vi får på Vestlandet, og det ser ut som det er lite igjen av det når vi kjem inn mot laurdag, seier Thaule.

Ho fortel at det laurdag og søndag ser ut til å bli relativt tørt og at det kan bli ganske mildt på Austlandet.

Endring søndag

Søndag er det varsla ei endring i vêret i Sør-Noreg.

– Før den tid er det stort sett vind frå sør som dominerer, men då får vi eit omslag frå nordvest. Det betyr at vi får ei litt anna luftmasse innover Vestlandet og Sør-Noreg med lågare temperatur, seier Thaule.

– Viss ein skal køyre over fjell, bør ein vere obs på at det kan kome snø?

– Det kan hende. Det er høge fjell vi har. Dei høgste fjellovergangane ligg på 1200 meter. Jo lengre ein ventar, til lågare temperaturar blir det utover søndagen. Det kan vere verdt å ta høgde for det, seier Thaule.

Ho legg til at det blir relativt kjølige netter, særleg dei første dagane utover neste veke.

Laster Twitter-innhold