Hopp til innhold

Trudde huset skulle fare – vi måtte berre springe

VASSENDEN (NRK): Med dei frodande vassmassane i hælane måtte Raymond Lillemo springe for livet for å sleppe unna elva som øydela nabolaget hans tysdag ettermiddag.

Raymond Lillemo

DRAMATISK: Raymond Lillemo måtte gøyme seg bak huset til naboen då elva kom etter han.

Foto: Bård Siem / NRK

Han bur saman med sambuaren i sentrum på Vassenden, like attmed elva som har gjort enorm skade på bustadfeltet og E39 som går gjennom den vesle bygda.

Då det kraftige torevêret byrja å gi lyd frå seg, stakk Lillemo ut ein tur for å sjå og ta bilete av uvêret som var på veg.

– Eg trudde det tora, men lyden tok aldri slutt. Lyden vart heilt ekstremt valdsam. Og så vart elva dobbelt så stor. Eg måtte kaste telefonen i lomma og springe med livet som innsats. Elva var bak meg med store tømmerstokkar hakk i hæl. Eg sprang og gøymde meg bak huset til naboen, fortel Lillemo.

Han prisa seg lukkeleg over at det gjekk bra.

– Eg var veldig redd.

Rett etter heiv han seg i bilen saman med sambuaren og køyrde bort frå huset.

– Eg hadde ikkje trudd at det skulle bli så grufullt som i dag. Eg takkar høgare makter for at elva vart sikra for nokre år sidan. Utan den hadde to-tre hus blitt tekne, meiner Lillemo.

Store skadar på Vassenden.

STORE SKADAR: Deler av Vassenden sentrum er heilt rasert av dei store vassmengdene.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Evakuerte til museet

– Eg måtte berre springe, hoppe i bilen og køyre frå huset. Det kom eit tjukt lag med skog, jord og stein, seier Vidar Solhaug.

Han og sambuaren bur i eit av husa nærast rasa som har gått over E39 ved Movika i Førde.

No sit han saman med andre evakuerte hos Sunnfjord Museum i Movika, og veit lite om korleis det står til med hus, hage og garasje.

– Det er utriveleg. Vi har aldri vore utsett for eit slikt ras før. Vi får berre vente å sjå. Eg håpar det skal gje seg slik at vi kan få reise heim. Eg har campingvogn i garasjen, men veit ikkje om garasjen står, fortel Solhaug på telefon til NRK.

Store skadar på Vassenden

Vidare austover på E39 mot Jølster har det gått fleire jordras som stengjer vegen på fleire stader.

Hardast råka av det kraftige uvêret er Vassenden og bustadfeltet i Årsetbakkane like ovanfor sentrum. Her er og eit tjuetals personar evakuerte frå fleire hus. Her ser deler av sentrum som ei krigssone fortel folk NRK har snakka med. Store mengder vant, stein, gjørme og skog har dundra nedover fjellsida og sopt forbi fleire hus. Berre flaks gjer at hus og folk ikkje er tekne av dei voldsomme vassmassane.

Trudde huset skulle fare

– Det braka laust og så kom det. Eg såg ein mørk vegg kome nedover. Skogen berre la seg. Eg såg føre meg at alle husa ville ryke, fortel Gerd Gjesdal og Randi Gjesdal Fagerheim, som begge var vitne til at eit nabohus på Vassenden nesten vart teke av den flaumstore elva.

– Det var grusomt, seier dei.

Elva vart sikre for få år sidan, og dei torer ikkje tenkje tanken kva som ville ha skjedd om elva ikkje var sikra.

– Då hadde husa gått med.

Flaum på Slåtten i Jølster.

MÅTTE EVAKUERE: På Slåtten mellom Førde og Vassenden var alle innbyggjarane evakuerte då eit stort ras dundra nedover fjellsida og utover innmarka.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

På Slåtten mellom Vassenden og Førde måtte alle innbyggjarane også evakuere. Den siste som forlet grenda var Ludvik Slåtten.

– Eg kjenner ein klump i magen. Eg har vore bort litt ulikt tidlegare. Og sist var det jo Dagmar, og då var det same elva som tok med seg masse steinar. Vi har alltid vore redde elva, seier tobarnsfaren.

Saman med resten av familien har han fått husrom hos ein kamerat i nabolaget.

– Gjørma spruta over vegen

Angjerd Nygård måtte snu brått då ho såg massane rasa ned over vegen så gjørma spruta. Ho var tredje bilen i køen då raset gjekk.

– Vi såg fienden komme mot oss. Det var veldig ubehageleg. Eg har barnebarnet med meg, fortel Nygård.

Dei vart evakuerte til Sunnfjord Museum på Mo der ho og rundt femten andre bilar har vore vêrfaste sidan kl. 17.00.

– Vi har ikkje fått snakka med nokon, så vi veit ingenting, seier ho.

Ho fortel at raset gjekk i løpet av knappe fem minutt.

Vi held fatninga. Eg må gjere det når eg har barnebarnet med meg, seier Nygård.

– Elva har gått fullstendig amok

Hallstein Dvergsdal er blant dei som står vêrfaste på Skei. Politiet har sperra E39 heile vegen derifrå og til Vassenden. På strekninga har det til no gått fire ras.

– Det er tydeleg at dette har vore veldig lokalt. Årsetelva har gått fullstendig amok. Dette er eit elv som er NVE har førebygd for å unngå dette, men ho har teke seg nye løp og sopa med seg garasjar og skog, fortel Dvergsdal.

Ras Jølster 4
Foto: Linda Olin Reite / NRK
Store nedbørsmengder har ført til jordras og flaum i Sunnfjord. Fleire ras har gått over E39, og vegen er stengd.