Hopp til innhold

Forbundsleiinga krev medlemsmøte - meiner medlemmene må seie sitt

Leiinga i Fellesforbundet sentralt kjem no med eit krystallklart krav om at avdeling 19 i Sogn og Fjordane må ha eit medlemsmøte om Kirketeigsaka.

Jarle Kirketeig

MEDLEMSMØTE: Forbundsleiinga i Fellesforbundet vil ha ro i avdeling 19, og seier medlemmene må få seie sitt om rettssaka mellom Fellesforbundet og Jarle Kirketeig (til høgre i biletet).

Foto: Silje Guddal / NRK

Denne veka bestemte styret for lokallaget med 2000 medlemmer at dei vil anke Fjordane tingrett sin dom i mobbesaka. Domen frå sist veke gav organisasjonstilsette Jarle Kirketeig full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd.

Forbundsleiinga krev no at avdelinga held eit eige medlemsmøte eller eit ekstraordinært årsmøte om saka, det fortel informasjonssjef Vidar Grønli i Fellesforbundet.

– Det er rimeleg at avdeling 19 no tek dei nødvendige organisasjonsmessige grep for å skape ro i eiga avdeling. Vi ventar at dei gjer dette, seier Grønli til NRK.no.

Advokat: – Belastande for leiinga

Den knusande domen mot Fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane kom sist tysdag. Av domen går det fram at den valde leiaren, Magne Ulvatn, har stått bak langvarig trakassering av Kirketeig. Fjordane tingrett kjende oppseiinga av Kirketeig ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.

Ei veke seinare meldte Fellesforbundet at dei ankar domen. Advokaten deira, Kari Bergeius Andersen, seier styret i Fellesforbundet avdeling 19 bestemte at dei skulle anke. Her var det ti stemmer for anke – og éi stemme imot.

– Vi har stor respekt for at dette er ei vanskeleg og veldig belastande sak for Jarle Kirketeig. Eg kan love at det også er ei veldig belastande sak for leiinga i avdeling 19, seier Bergeius Andersen om grunngjevinga for anken.

Ho seier viser vidare til at Fellesforbundet meiner domen inneheld feil på ei rekkje vesentlege punkt.

– I tillegg er den utforma så einsidig at det normalt sett skal mykje til for at ein arbeidsgjevar ikkje vil anke, seier advokaten.

Krev at medlemmene får seie sitt

Kari Gjesteby og Vidar Grønli

MÅ FÅ SEIE SITT: Vidar Grønli seier Fellesforbundet sentralt meiner medlemmene i avdeling må få seie sitt i saka.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

At Fellesforbundet avdeling 19 no går inn for ei ny rettsrunde betyr at dei vel 2000 medlemmene må sjå på at klubbkassa kan bli tømt på grunn av store utgifter.

Til no har avdelinga hatt utgifter på vel 1, 4 millionar kroner i samband med rettssaka. Ei ankesak i lagmannsretten kan føre til at heile eigenkapitalen går tapt. Informasjonssjef Vidar Grønli seier forbundsleiinga no krev at medlemsmassen får seie si meining.

– Det kan vere ved eit ekstraordinært årsmøte, eit medlemsmøte eller eit representantskapsmøte, seier Grønli.

Forbundsleiar Arve Bakke var etter at domen kom i kontakt med Magne Ulvatn. Det klare rådet frå den mektige forbundsleiaren var då at domen ikkje burde ankast.

Tek oppmodinga alvorleg

Eit ekstraordinært årsmøte betyr i praksis at leiinga kan måtte gå av.

Ved førre årsmøte bestemte avdelinga seg for å vente med å velje styre til det låg føre ein rettskraftig dom i mobbesaka. Ankeavgjerda betyr difor at også valet må utsetjast.

Fellesforbundet avdeling 19 sin advokat, Kari Bergeius Andersen, seier styret ikkje har bestemt seg for om dei vil gjere som forbundsleiinga vil.

– Når Fellesforbundet sentralt har ei oppmoding, så tek ein den alvorleg.

– Det er ikkje teke noko avgjerd kring dette enno. Vi diskuterer korleis vi best kan informere medlemmene om dei ein kan informere dei om.