Hopp til innhold

Medlemmer vil skifte ut leiinga

Det ulmar blant medlemmene i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane etter mobbesaka som rulla opp førre veke. Fleire krev no ekstraordinært årsmøte for å skifte leiing.

Bjørn Martin Kormeseth i Fellesforbundet.

LUKKA: Nestleiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Bjørn Martin Kormeseth, her fotografert då dei lukka møtet sitt for pressa førre veke.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg tykkjer Jarle Kirketeig er dårleg behandla, rett ut. Eg tykkjer han jobba godt for oss, og eg kjem til å melde meg ut av Fellesforbundet viss det ikkje blir rydda opp, seier Johannes Stenhjem, som er klubbleiar ved Sogn Bilservice.

Har sett på situasjonen med vantru

I lag med dei 1500 andre medlemmene i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane har han dei siste dagane vore vitne til ein prosess det har vore vanskeleg å ta inn over seg.

Medan tre tilsette har stått fram og skulda den valde leiaren, Magne Ulvatn, for langvarig og alvorleg mobbing, har fylkesstyret i Fellesforbundet svart med å true varslaren av trakasseringa, Jarle Kirketeig, med oppseiing.

Krev ekstraordinært årsmøte


-Medlemsmassen reagerer sterkt på det som har skjedd, seier Bjørn Roar Olsen, klubbleiar ved HMR i Årdal, som krev at det raskt vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte.


– Det bør skje så fort som mogleg, for dette øydelegg jo omdømet i Fellesforbundet. Medlemmene står ikkje i kø for å bli med, så vi må ordne opp i saka så raskt som råd, seier Olsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

mobbesak

FORTVILA: Varslar Jarle Kirketeig saman med Ruth Skrede.

Foto: Bård Siem / NRK

Mange klubbleiarar står bak kravet

NRK har vore i kontakt med også fleire andre klubbleiarar i Fellesforbundet, og dei er unisone i kravet om ekstraordinært årsmøte.

For å kunne arrangere ekstraordinært årsmøte, må minst 25 prosent av medlemmene i fylket krevje det.
Forbundsstyret kan også krevje ekstraordinært årsmøte med berre fire dagars varsel.

-Få skifta ut leiinga


Klubbleiar Kjell Ove Årdal ved Beto-Nor AS i Førde, kallar handsaminga av Jarle Kirketeig som skammeleg, og vil ha ekstraordinært årsmøte fortast mogleg for å skifte ut sitjande leiing.

– Det må gjerast straks. Dette er graverande, og sånt som ikkje burde skje på ein arbeidsplass, seier Årdal.

Ingen frå leiinga i Fellesforbundet i fylket vil kommentere saka.