Hopp til innhold

Skulane førebur seg på ein ny kvardag

FØRDE (NRK): Skulane er stengde og elevane er sende heim. Lærarane førebur seg på fjernundervisning. – Me forventar at foreldra hjelper til, seier Torbjørn Tjugum.

Tomt klasserom på Halbrend Skule

TOMME KLASSEROM: På skular over heile landet står klasseromma tomme.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Dette er ikkje ein ferie. Det er ein annan opplæringssituasjon der elevane må ha opplæring heimanfrå, seier Sølvi Søgnen, rektor ved Halbrend skule.

Torsdag vart det klart at alle skular og barnehagar blir stengde i minst 14 dagar. No må skulane legge til rette for at elevane kan halde fram med skulearbeidet på eiga hand.

Ein annleis kvardag

Klasseromma på Halbrend skule står tomme. Elevane har fått med seg bøkene heim og skal arbeide heimanfrå dei neste vekene. På lærarrommet er lærarane i full gang med å planlegge for det som vil bli ein nokså annleis kvardag.

Torbjørn Tjugum

SPESIELL SITUASJON: – Det er ein spesiell situasjon vi er i, seier Torbjørn Tjugum.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Me må prøve å få litt struktur på dagane til elevane. Det er nok det viktigaste me kan gjere, seier lærar Torbjørn Tjugum.

Han held no på å lage ein dagsplan for elevane på det trinnet han underviser i. Her legg han inn kva elevane skal arbeide med medan dei er heime. Dette inkluderer innleveringsoppgåver, førebuing til prøvar og opplegg for fysisk aktivitet.

Men korleis dagane vil bli for lærarane, er framleis usikkert. Mest sannsynleg blir det heimekontor også for dei. Då må dei vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål frå elevane på SMS og e-post. Foreldre må hjelpe til med å sørge for at planane blir følgde.

– Me forventar at foreldre hjelper til med å få elevane opp om morgonen slik at dei får struktur på dagen. Me kan sjølvsagt ikkje skrive fråvær som vanleg, men me må ha melding dersom elevane blir forhindra i å gjere det arbeidet som står på planen, seier Tjugum.

Halbrend Skule

TOMME GANGAR: Koronaviruset har skapt ein heilt ny kvardag i landet.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Digitale løysingar

Søgnen fortel at medan elevane er vande med å jobbe digitalt, er det ikkje sikkert at alle har tilgang på alt dei treng av digitalt utstyr heime.

Sølvi Søgnen

REKTOR: Sølvi Søgnen seier det er viktig at elevane forstår at dette ikkje er ein ferie.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Det er klart at når mor og far og tre barn skal sitte heime og jobbe digitalt, så er det ikkje alle som har nok maskiner heime.

Og det er framleis usikkert korleis skulane kan leggje til rette for at alle har alt dei treng av utstyr, men det leggast til rette for at noko av arbeidet kan gjennomførast utan bruk av data.

– Vi har ikkje maskiner til utleige, men me kan framleis skrive for hand viss det skulle bli nødvendig. Vi skal vere løysingsorienterte og fleksible, og då skal vi få det til, seier Søgnen.

Forventar ein auke i sal av PC og nettbrett

På Power har dei førebudd seg på at mange fleire vil ha bruk for utstyr no når heimekontor blir normalen på fleire arbeidsstadar.

– Vi har opplevd ein auke i salet av monitorar, chromecast og Apple TV. Me reknar med at det vil bli ein auke i sal av PC og nettbrett etter kvart også, seier Hege Storevik, assisterande varehussjef hos Power.

Nasjonal dugnad- også for elevane

Søgnen fortel at dei har snakka med elevane om at dette er ei stor nasjonal hending som dei er med på, og dei forventar at elevane er med på dugnaden.

– Dugnaden deira er å vere heime, unngå store forsamlingar og jobbe med arbeidsoppgåvene dei får frå skulen.