Hopp til innhold

Elevar om skulestenginga: – Eg trur det blir vanskelegare på eiga hand

FØRDE/BERGEN (NRK): Koronaviruset rammar no store delar av samfunnet. Alle skular og barnehagar i landet blir stengde.

Hafstad vgs

STENGJER: Aron Lothe Skjerdal og Henrik Solheim ved Hafstad vidaregåande skule i Førde må bu seg på heimeundervisning frå fredag. – Eg trur det blir vanskeleg å ta opp att det vi går glipp, seier Skjerdal.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Alle skular og barnehagar, universitet og høgskular i Noreg blir stengde, fortel statsminister Erna Solberg (H) i ein pressekonferanse i dag.

Alle vidaregåande-elevar i Vestland må bu seg på heimeundervisning.

– Eg synest det er veldig dumt. Vi skal mest sannsynleg ha eksamen og det er mykje pensum. Eg trur det blir vanskelegare på eiga hand, seier Henrik Solheim ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

– Vi har fått beskjed om at vi skal ta med bøker og pc heim, så skal vi få litt meir informasjon etter lunsj.

Forstår stenginga

Ved i Bergen katedralskole har Ella Agdestein forståing for stenginga. Ho synest situasjonen rundt koronaviruset har vore litt skummel.

– Eg synest det er ganske bra, for skulen er jo ein stor smittestad, seier ho.

– Smitta har jo spreidd seg ganske fort, så då må vi ha tiltak for å stogge den, seier medelev Elise Haaland.

Ella Agdestein og Elise Haaland går i første klasse ved Bergen katedralskole

BRA TILTAK: Ella Agdestein og Elise Haaland har forståing for at skulane stengjer.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Undervisninga held fram

Vestland fylkeskommune tok tidlegare torsdag ei avgjerd om å stengje dei vidaregåande skulane i minst to veker frå og med fredag. At fylkeskommunen stengjer sine skular, påverkar 49 skular og kring 25 000 elevar. Dette inkluderer vidaregåande skular, fagskular, folkehøgskular og produksjonsskular.

Undervisinga blir gjennom nettbaserte system Vi prøver å vareta undervisningsprogresjonen som normalt gjennom nettbaserte system

– Vi stengjer ikkje undervisninga, vi stenger skulane, seier utdanningsdirektør Bjørn Lyngdal i Vestland fylkeskommune.

Stengjer i Samnanger

Bergen kommune var tidleg ute med strenge tiltak, og bestemte at ungdomsskular skal stengast frå fredag, barnehagar og barneskular frå måndag av.

Tidlegare torsdag bestemte Samnanger kommune seg for å stengje alle skular, barnehagar og SFO grunna koronaviruset.

– Vi vil vere føre var, og eg oppfordrar resten av landet til å gjere det same, sa ordførar Knut Harald Frøland.

Også Rothaugen skule i Bergen stengde tidlegare i dag.

– Vi har ein uavklart situasjon, mange rykte i sosiale medium og litt panikk blant elevar og foreldre, uttalte rektor Guttorm Vik.

Sender studentar heim

Universitetet i Bergen stanser all undervisning som krev fysisk frammøte og sender sine nær 18.000 studentar heim med umiddelbar verknad. Lesesalar blir stengde, studentar får ikkje vere seg på campus og UiB går over til digital undervisning.

Høgskulen på Vestlandet avlyser all undervisning på sine fem campusar frå og med fredag 13. mars til tysdag 14. april. – Studentar skal ikke opphalde seg på våre campus i denne perioden, skriv HVL på eigen nettstad. Høgskulen jobbar med å finne alternative løysingar.