Hopp til innhold

Dei vil hjelpa andre – her er fem ting du kan gjera for å bidra i koronakrisa

Folk over heile landet strekker no ut ei hand til dei som treng det.

Kollasje av korona-hjelpere

HJELPER: Henning Olsen, Lisbeth Trefall og Sveinung Rindal er nokon av dei som er opptatte av å hjelpa andre i ein koronaråka kvardag.

Foto: Privat

Tiltaka mot koronaviruset er dei mest inngripande Noreg har hatt i fredstid, sa Erna Solberg då ho presenterte tiltakslista torsdag.

Mellom anna blei det bestemt at alle barnehagar, skular, universitet, høgskular og andre utdanningsinstitusjonar skulle stengast.

Alle kulturarrangement er avlyste. Torsdag blei det kjent at ei rekke verksemder også blei pålagt å stenga etter klokka 18.

Men i tillegg til tiltaka, oppmoda statsministeren til folkedugnad mot koronasmitte.

– Det er avgjerande at alle landets innbyggarar deltar i dugnad for å bremsa smitte, sa Solberg.

Fleire har no organisert seg i grupper eller på annan måte vist korleis dei hjelper andre i den heilt ekstraordinære tida Noreg er inne i.

Her er fem ting du kan gjera for å bidra:

1. Hald fram med god handhygiene

Helsedirektoratet oppmodar om å hugsa på at koronaviruset spreier seg raskt. Torsdag kveld kom denne SMS-en:

Helsedirektoratet:Korona-viruset sprer seg nå raskt, og det er viktigere enn noen gang at alle bidrar til å bremse spredningen. Fortsett å vaske hender, vis hensyn når du hoster og hold avstand til andre. Nå kommer det nye tiltak. Følg myndighetens anbefalinger på helsenorge.no

2. Hjelp ein nabo

Fleire tilbyr seg å handla for naboar som er sette i karantene. Lisbeth Trefall er medlem av Facebookgruppa «Folk som hjelper kvarandre – Landås» i Bergen.

– Her på Landås er det ein utruleg fin mentalitet blant folk til å hjelpa. No må me trø til for kvarandre. Det kostar meg ikkje noko å hjelpa til visst det trengst, seier ho.

Ho skriv torsdag kveld i gruppa: «Eg har bil og kan handla for nokon på laurdag om det trengst».

Det har dei siste dagane dukka opp fleire slike Facebookgrupper, mellom andre «Corona-hjelp Bergen».

Hjelpegruppe i Bergen

DUGNADSGRUPPE: Dette er ei av fleire grupper på Facebook som har blitt oppretta.

Foto: Skjermdump Facebook

3. Vis omsyn til helsepersonell

Helsevesenet er blant dei gruppene som er definert som samfunnskritiske funksjonar. Dette betyr at dei blir prioritert av samfunnet, til dømes gjennom at dei får organisert barnepass frå kommunen, dersom begge foreldra har samfunnskritiske funksjonar.

Likevel kan dei trenge ei handsrekning frå vanlege folk.

Torbjørn Solstad frå Verdal tilbyr å passa barn til foreldre som jobbar i helsevesenet. Han understrekar at det gjeld dei som går i klassen til hans to eigne barn.

– Statsministeren nemnde vel at dette er den største krisa me har hatt i fredstid. Då er me nøydde til å tenka litt kreativt og hjelpa kvarandre, seier Solstad.

Han meiner dette er ein enkel måte å bidra på for fleire. Håpet hans er at det kan gjera at fleire kan gå på jobb innan helsevesenet no som skular og barnehagar er stengde.

Torbjørn Solstad tilbyr barnepass i koronakrisa

HEIMEKONTOR: Torbjørn Solstad har heimekontor for tida, og vil gjera det han kan for å hjelpa andre som har utfordringar knytt til koronaviruset.

Foto: Privat

4. Unngå hamstring

Folk blir oppmoda om å ha litt ekstra av det viktigaste dei treng for å klara seg i minst tre dagar. Men både butikkbransjen og myndigheitene understrekar at det er viktig å ikkje hamstra.

Varelevering skjer som normalt, og butikkane vil vere opne. Sjølv i Italia, som har gjort større avgrensingar enn Noreg, er matbutikkane framleis opne.

– Det er no utruleg viktig at me passar på at me ikkje byrjar å hamstra og at me at me ikkje lagar ein panikkstatus rundt dette. Butikkane kjem til å vera opne, sa helseminister Bent Høie i ein pressekonferanse torsdag.

Rema 1000 i Godvik

TOMME HYLLER: Slik såg det ut på Rema 1000 i Godvik torsdag ettermiddag.

Foto: Dag Olav Mosevoll / NRK

5. Må du ha pengar tilbake for avlyste arrangement?

– Oppfordringa mi er å tenka seg om. Treng du å få billetten din refundert?, seier Henning Olsen.

I eit Facebook-innlegg oppmoda han onsdag ettermiddag om å hjelpa små og store arrangørar som no står i faresona som følge av koronaviruset. Avlyste kulturarrangement gir store økonomiske konsekvensar for mange. Det vil bli ekstra belastande om folk i tillegg skal ha tilbake pengane sine, meiner Olsen.

Innlegget har på eit knapt døgn blitt delt over 3000 gongar.

– Pengane me har brukt på konsertbillettar har me jo allereie brukt, då treng me kanskje ikkje strø salt i såret til dei alt som ligg nede, seier han og understrekar at han har forståing for at enkelte av ulike grunnar har behov for å få pengane att.

Oppfordring om å hjelpa små og store kulturarrangørar i koronaoppstyret

Henning Olsen ber alle trø til for å hjelpa kulturbransjen.

Foto: privat

Sveinung Rindal hyller Olsen for facebookinnlegget. Han er dagleg leiar i musikkdistributøren The Orchard og jobbar tett på artistar som no mister oppdrag og inntekter.

Han meiner han har ei løysing på problemet som ein heil bransje no møter.

– Artistar kan til dømes gjera livekonsertar på Facebook eller andre stader, og ta betalt for det. Ein kan gjera det som ein frivillig donasjon i byte mot ei konsertoppleving, seier Rindal.

Han meiner samfunnet må bidra for å ta vare på kulturlivet som enkelte lever av.

– Folk kjem til å ha mykje ledig tid, og då er det lett for at det blir mykje Netflix. Alle kulturarvlysingane kjem til å gå utover dei lokale artistane. Me må finna ein måte å erstatta kulturkonsumet på, seier Rindal.