– Denne regjeringa har jo sjølve sagt at dei skulle overoppfylle Nasjonal Transportplan (NTP), så difor hadde eg sjølvsagt forventa å i alle fall finne planleggingsmidlar dette I framlegget til statsbudsjett.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I Vik har dei gjennom mange tiår kjempa for ein tunnel gjennom det vêrutsette Vikafjellet. Og i juni i fjor kom gjennombrotet då Stortinget vedtok å starte tunnelbygginga kring 2020–22.
- LES OGSÅ:
UTOLMODIG: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (A).
Foto: Steinar Lote / NRKRiksveg 13 over Vikafjellet er prioritert mot slutten av nasjonal transportplan. Finden Halset trudde likevel vegen skulle bli framskunda fordi Høgre og Frp i valkampen lova å overoppfylle transportplanen.
– Ein slant med planleggingsmidlar til Vikafjellsvegen i dette statsbudsjettet hadde understreka at dei meinte alvor. No får vi håpe at det ikkje var tomme løfte dei kom med i valkampen.
Treng ikkje uroe seg
– Dette er ei sak vi jobbar med, og sjølv om eit prosjekt ikkje er nemnt med namns nemning så har Statens vegvesen ei ganske stor planleggingsramme som dei skal bruke nettopp for å gjere prosjekta klare til prosessen med rullering av NTP startar neste år. Det seier Frank Willy Djuvik som er fylkesleiar i Framstegspartiet.
– Men med tanke på kor høg Frp gjekk ut i valkampen med lovnader om Vikafjellsvegen, har ikkje Finden Halset då eit poeng i at det hadde vore eit godt signal, å i alle fall lagt inn planleggingsmidlar?
– Nei, eg meiner at så lenge vi held den framdrifta som eg og Martha Finden Halset fekk stadfesta då vi var i møte med Vegdirektoratet og departementet, Så meiner eg at det er godt nok. Det burde vere godt nok for Finden Halset også.
Ventar på fylkeskommunen
– ER RUTE: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKDjuvik på si side er mest uroa over at dei må vente på fylkeskommunen si avklaring om rassikring, og armen til Arnafjorden.
- LES OGSÅ:
– Det er i realiteten det som kan føre til forseinking av prosessen. At fylkeskommune ikkje bestemmer seg for korleis dei ynskjer å bidra i prosjektet.
–Så du meiner de skal kunne vere klare til oppstart i 2018?
– No skal vi ha ei rullering av NTP som startar neste år og som skal vedtakast i 2017. Vi har ein klar ambisjon om at vi skal få realisert Vikafjellet allereie i første del av planperioden, i motsetning til dei raudgrøne som ville ha den i siste del. Så eg har god tru på at vi skal få det til.