Søndag kveld vart nesten 100 meter av fylkesveg 92 inn til Arnafjorden dekt av jord, stein og sørpe. Raset stengde vegen til tysdag føremiddag, og innbyggjarar og ordførar krev på nytt trygg veg.
Det vil dei ha i form av ein sidetunnel som går inn på den planlagde Vikafjellstunnelen. Skal dette bli ein realitet trengst det ei avklaring snarast, meiner Djuvik.
Han meiner fylkeskommunen straks må bestemme seg for om dei vil satse på rassikring av vegen til Arnafjorden med nettopp ein tunnel til Vikafjellstunnelen, eller rassikringstiltak langs eksisterande veg.
– Fylkeskommunen må få fingeren ut og avklare spørsmålet om rassikring av Arnafjorden. Vi har to alternativ.
– Det eine er om vi skal knytte oss til heilårsvegen via den nye tunnelen gjennom Vikafjellet, eller om vi skal gjennomføre vårt eige prosjekt med rassikring, som truleg vil vere mykje dyrare, seier Djuvik.
Vil ha trafikken vekk frå vegen
Rassikring av vegen til Arnafjorden i Vik har på ny kome på agendaen etter det store jord- og steinraset denne veka. Til alt hell vart ingen personar eller bilar tekne av det store raset, men no har innbyggjarar og ordførar fått nok.
Vik-ordførar Marta Finden Halset vil ha vekk all trafikk frå fylkesvegen langs fjorden, og heller gje bygdene i fjorden vegsamband via ein sidetunnel som går inn på Vikafjellstunnelen.
- LES OGSÅ:
Fylkeskommunen bad i 2012 Vegvesenet om å vurdere moglegheita for å løyse skredsikring langs Arnafjorden med ein tunnel inn på den lange tunnelen under Vikafjellet. I si oppsummering på førespurnaden frå Fylkeskommunen skriv Vegvesenet:
«Dersom det er mogeleg å prioritere skredsikringsmidlar til tunnel langs Arnafjorden, og det samstundes blir løyvd midlar til lang tunnel under Vikafjellet, vil truleg ei løysing med arm frå Vikafjellstunnelen til Framfjorden vere den gunstigaste løysinga.
Totalt vil dette koste i storleiken 2 mrd. 2011-kr. Vi må likevel ta atterhald i høve standardkrav og fråvik frå vegnormalane. Eventuelle krav til avbøtande tiltak må heller ikkje verte så dyre at totalkostnaden vert høgre enn å gjennomføre prosjekta kvar for seg».
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Jobbar for framskunding av tunnel
Allereie i desember 2006 handsama Fylkestinget ulike alternativ for heilårsveg over Vikafjellet. Då sa dei nei til løysinga med lang tunnel og side-tunnel til Arnafjorden. Det vart rett og slett for dyrt.
Etter den tid har staten teke over ansvaret for Vikafjellsvegen, medan fylkeskommunen framleis har ansvaret for rassikring av Arnafjorden.
Vikafjellstunnelen ligg no inne i Nasjonal transportplan med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023. I juni i fjor sa dåverande samferdslepolitisk talsperson i Frp, Bård Hoksrud, at han ville flytte byggjestart av tunnelen fram til 2015.
Men i desember, etter at Hoksrud var blitt statssekretær i Samferdsledepartementet, vedgjekk han at det ville bli krevjande å halde dette valløftet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Krev avklaring snarast
Frank Willy Djuvik, som er fylkesleiar i Frp i Sogn og Fjordane, fryktar eit uavklart spørsmål om sidetunnel til Arnafjorden kan hindre at Vikafjellstunnelen blir framskunda.
– Om fylkeskommunen ikkje har avklart kor vidt dei skal vere med på dette prosjektet med rassikring av Arnafjorden, vil det kunne forseinke prosessen med å realisere Vikafjellstunnelen, seier samferdslepolitikaren.
Set saka raskt på dagsorden
Rassikring av Arnafjorden ligg i dag på 7. plass på fylkeskommunen si prioriterte liste over rassikringstiltak.
Men skal dette bli ein del av Vikafjellsvegen, i form av ein sidetunnel, må dei to prosjekta realiserast samtidig. Det kan bety endringar, også på prioriteringslista til fylkeskommunen.
Leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes i Sp, er sjølv tilhengar av rassikring via Vikafjellet. Han vil setje saka raskt på den politiske dagsorden.
– Eg reknar med at dette kan bli tema allereie på vårt neste møte i mars.