Hopp til innhold

Vivian fekk tilbake eit normalt liv – etterlyser meir satsing på kvinnehelse

For Vivian Bruvik tok det tre år å få vite kva som feila ho. No er ho og Sanitetsforeininga skuffa over regjeringa sitt budsjett for å forske på kvinnehelse.

Vivian Bruvik

HELSA TILBAKE: Vivian Bruvik kan i dag trene normalt etter å ha vore sjuk.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Eg synest det er trist at dette ikkje blir prioritert, ikkje minst for alle dei kvinnene som ikkje har tilgang til den kompetansen og utgreiinga eg har fått på Haukeland sjukehus, seier Vivian Bruvik.

I sommar fortalde ho at det tok tre år frå ho blei sjuk til ho fekk vite kva som feila ho.

Først då ho kom til hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus trefte ho helsepersonell som fann ut at det var hjartekrampe ho sleit med.

Det tok tid fordi Helse-Noreg framleis manglar kunnskap om sjukdomar som er meir typiske for kvinner. Kvinner får heller ikkje alltid like god diagnostisering og behandling for sjukdomar som rammar begge kjønn, ifølgje Forskingsrådet.

– Det å få rett behandling har vore avgjerande for at eg til dømes no kan trene mange gonger i veka og leve eit normalt liv, seier Bruvik.

Meiner 5 millionar i auke blir for lite

Derfor må staten satse meir på forsking på kvinnehelse generelt, og hjartesjukdomar blant kvinner spesielt, meiner Eva Gerdts, professor i kardiologi og overlege ved hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

– Hjarteinfarkt er framleis den vanlegaste enkeltårsaka til død blant norske kvinner, mens hjarteflimmer og hjartesvikt aukar blant kvinner, seier Gerdts.

Dette vil staten bruke på kvinnehelseforsking neste år:

  • 14,6 millionar kroner blir vidareført til Nasjonalt senter for forsking på kvinnehelse i Helse sør-øst.
  • 20 millionar kroner går til forsking via Forskingsrådet. Det er 5 millionar meir enn i 2020.

Gerdts etterlyser ein dedikert, nasjonal satsing gjennom Noregs forskingsråd på hjartesjukdom hjå kvinner.

– 60 millionar kroner årleg i 10 år vil vere ei god satsing, seier professoren og overlegen.

Eva Gerdts er professor i kardiologi ved UiB og overlege ved hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

EKSPERT: Eva Gerdts er professor i kardiologi.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Professorar blir pensjonistar

I haust blir det oppretta eit nytt, nasjonalt forskingssenter for kvinnehelse ved universitetet i Bergen, men det er private krefter som står bak: Grieg Foundation og Norske kvinners sanitetsforeining.

Sanitetsforeininga er skuffa over nivået helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) legg seg på i statsbudsjettet.

– Vi har lytta til politikarane som har sagt dei vil satse, men vi kan ikkje sjå på statsbudsjettet at det blir gjort nokon satsing, seier Grete Herlofson i Sanitetsforeininga.

Ho viser til at regjeringa har gitt løfter, invitert til innspelsmøte og varsla utgreiingar, men at det ikkje viser att i pengebruken.

– Vi er spesielt bekymra fordi begge professorata innan kvinnehelse i Noreg kan forsvinne til neste år, når dei går av med pensjon. Det er kritisk å få meir kunnskap.

Regjeringa: Vil ha ny stor utgreiing

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet understrekar at Forskingsrådet no får meir pengar.

– Styrkinga skal gi meir kunnskap om eldre kvinner si helse, minoritetskvinner og unge kvinners psykiske helse, i tillegg meir kunnskap om sjukdomar som primært råkar kvinner.

statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H)

STATSSEKRETÆR: Anne Grethe Erlandsen (H)

Erlandsen seier regjeringa skal lage ei ny offentleg utgreiing (NOU) om kvinner si helse og helse i eit kjønnsperspektiv. Nyleg var det eit innspelsmøte der helsetenesta, forskarar og organisasjonar deltok.

– Det er over 20 år sidan førre gang vi hadde ei slik offentleg utgreiing. Ein NOU vil gi auka merksemd om kvinnehelse, og kome med forslag som regjeringa skal jobbe vidare med.

Men Herlofson er ikkje imponert:

– Dei kan ikkje sitje og vente på endå ei utgreiing, det ligg alt masse rapportar klare som seier kva som må til.