Hopp til innhold

Det tok tre år før Vivian fekk vite kva hjartesjukdom ho hadde

Hjartesjukdom er framleis den største dødsårsaka blant kvinner, men nesten all forskinga skjer på hjarta til menn. No skal eit nytt, nasjonalt forskingssenter sjå nærare på kvinnehjartet.

Vivian Bruvik må ta sju tablettar kvar dag grunna hjartesjukdom.

MÅ TA MEDISINAR: Vivian Bruvik kan framleis gå på lette turar, men må ta medisinar morgon og kveld.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Her er medisinane mine, seier Vivian Bruvik (47) og hentar ut ein isboks full av små pappesker frå kjøkenskapet i heimen på Landås i Bergen.

Kvar dag må ho ta fem tablettar om morgonen og to tablettar om kvelden for å halde hjartekrampen i sjakk.

Vivian Bruvik tek sju tablettar kvar dag for å halde hjartesjukdomen i sjakk. Medisinen legg ho klar i dosettbrett for morgon og kveld.

Vivian Bruvik tek sju tablettar kvar dag for å halde hjartesjukdomen i sjakk. Medisinen legg ho klar i dosettbrett for morgon og kveld.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Uroa for å innbille seg sjukdom

I fleire år har ho kjent på smerter i brystkassa og vore tungpusten når ho går turar. For tre år sidan blei det så ille at ho prøvde å finne ut kva som var gale. Men det var først i vår at ho fekk diagnosen: angina pectoris, såkalla hjartekrampe.

Årsaka til at sjukdomen ikkje blei oppdaga tidlegare, er at hjartesjukdomar kan slå ulikt ut hjå kvinner og menn.

Problemet er at hjarteforsking stort sett er utført på menn, og dermed veit ikkje Helse-Noreg nok om kva som er symptom og årsaker når kvinner får alt frå hjarteinfarkt til hjartesvikt.

Mens hjarte- og karsjukdomar ikkje lenger er det flest menn dør av i Noreg, er det framleis hovudårsaka blant kvinner, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Veit for lite om rett behandling

Eva Gerdts er overlege og professor i kardiologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho har forska på kvinnehjartet i 20 år, og meiner at staten har satsa alt for lite på forsking på sjukdomar som den Bruvik har.

– Vi har i dag undersøkingsmetodar som kan påvise nøyaktig kva som er problemet hennar, men vi veit ikkje korleis vi skal behandle det slik at ho har god livskvalitet og kan leve lenge i landet, seier Gerdts.

No er professoren utnemnd som leiar for eit splitter nytt senter ved UiB som skal forske på kvinnehjartet.

Ho håpar senteret vil bli eit fyrtårn for å heve nivået på kunnskapen om og behandlinga av hjartesjukdomar blant kvinner i Noreg.

Eva Gerdts er professor i kardiologi ved UiB og overlege ved hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Eva Gerdts er professor i kardiologi ved UiB og overlege ved hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Kritiserer pengebruken til staten

Pengane til å opprette senteret kjem ikkje frå staten, men frå private aktørar som Norske kvinners sanitetsforening.

Foreininga er kritiske til at regjeringa ikkje set av meir enn 15 millionar kroner til forsking på kvinnehelse generelt i revidert nasjonalbudsjett for 2020.

– Status på forsking av kvinnehelsesjukdom er lågare enn sjukdom som i hovudsak rammar både menn eller begge kjønn likt. Vi veit at statusen følgjer pengane, og derfor må det bli øyremerka mykje meir middel så vi sikrar likeverdige helsetenester, seier generalsekretær Grete Herlofson.

Regjeringa lovar offentleg utgreiing

Helse- og omsorgsdepartementet kan ikkje love nokon øyremerka middel til kvinnehjartet med det første, men peikar på at Forskingsrådet skal lyse ut 50 millionar kroner til forsking på kvinnehelse generelt.

– Dei tre regjeringspartia har også bestemt at vi skal ha ei ny offentleg utgreiing om helsa til kvinner og helse i eit kjønnsperspektiv, skriv statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i ein e-post.