Hopp til innhold

Skogbrannane i USA kan gi raude solnedgangar i Noreg

Dei enorme røykskyene over vestkysten i USA bles austover. Kanskje får vi sjå raudare himmel også hjå oss.

Skogbrannane på vestsida av USA har herja sidan andre halvdel av august.

Nærmare hundre brannar skjer på same tid i delstatane California, Oregon og Washington. Berre frå Oregon er over ein halv million menneske er evakuert.

I helga kjem også vi i Noreg til å merka katastrofen som går føre seg fleire tusen kilometer i luftlinje vest for oss.

EU sitt klimaovervakingssenter (CAMS) rapporterte denne veka at røyken frå brannane på vestkysten no har nådd Europa. No kjem dei altså også til Noreg.

– Det er oske som vert frakta opp i atmosfæren, og så tek vind og vêr det vidare til oss, forklarar direktør Tore Furevik ved Bjerknessenteret i Bergen (UiB).

Røyk fra skogbrann sprer seg

PÅ VEG: Slik har røyken frå skogbrannane spreidd seg over USA denne veka. No er ein del av skyene også på veg vidare austover.

Foto: Grafikk / NASA

Kan bli synleg i helga

Også Teknisk Ukeblad har omtala røykskyene som luftstraumane tek med seg til Noreg.

– Det tjukkaste røyklaget kjem til Island i løpet av fredag. Så kjem det til vestkysten av Noreg på dagen laurdag. Kanskje vil det også vera synleg sundag og måndag, seier seniorforskar Mark Parrington i CAMS til nettavisa.

Han legg til at det seier litt om dimensjonane på brannane i USA, når røyken kan bli synleg fleire tusen kilometer unna.

Også Furevik skildrar enorme dimensjonar på brannane som herjar i USA.

– Det er mellom dei aller største skogbrannane som dei har hatt langs vestkysten. Det er eit enormt omfang og på satellittbilete kan ein sjå at vestkysten er innhylla i røyk heilt frå Mexico til Canada.

The golden gate-broa i San Francisco
Foto: Frederic Larson / AP

Mindre røyk, men raudare himmel

Fullt så alvorleg blir det ikkje når skyene kjem til Noreg.

– Ein liten flik av dette kjem heilt opp til oss, men vi kjem ikkje til å merke at luftkvaliteten blir dårlegare til dømes. Det kjem heller ikkje til å lukte, seier Furevik.

Røykmassen vil ligga fleire kilometer til vêrs over hovuda våre. Det gjer at vi får fleire partiklar i atmosfæren og det vil påverke fargen på himmelen, forklarar han.

– Både ved soloppgang og solnedgang kan himmelen få ein raudare farge. Det er blitt rapportert om det lenger sør i Europa. Men sjølve røyken er altså blitt svært uttynna når det når oss, forklarar Furevik.

Han meiner klimaendringane må ta ein god del av skulda for at skogbrannane er så kraftige som dei er no.

– Det er ingen tvil om at store skogbrannar er ein aukande tendens fleire stader. Vi har også sett det i Australia. Det er ein klimaendringane som er med og driver dette. Tørrare og varmare klima gir tørrare jordsmonn, trær og plantar, seier han.

Ifølge Teknisk Ukeblad har brannane i USA sleppt ut kring 30,3 megatonn CO₂-ekvivalentar so langt. Noreg hadde til samanlikning eit utslepp på 50,3 megatonn i fjor.

San Francisco

RAUDT: Fullt så alvorleg som dette blir det i ikkje Noreg. Men i San Francisco har skogbrannane tatt dagslyset.

Foto: ADRIANNA TAN / Reuters