Har gjort endringar før skjebnekampen, men vil ikkje seie kva

Sogndal har ikkje vunne på 11 kampar. Skal dei overleve i Tippeligaen, må dei få med seg tre poeng mot Haugesund i morgon.

Tom Mangersnes

KAN VINNE: Assistenttrenar Tom Mangersnes seier Sogndal skal konsentrere seg om å skape sjansar innanfor Haugesund sin 16-meter.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Assistenttrenar i Sogndal, Tom Mangersnes, held korta tett for brystet og vil ikkje seie så mykje om kva endringar som er gjort i laget når dei kjem på bana i morgon.

– Vi har sett etter dei endringane som kan vere naturleg å gjere. Andre ting har tvunge seg fram på grunn av småskadar og slikt. Vi har kjent litt på den indre tilstanden i spelargruppa, og har landa på dei 11 som skal ut for å jobbe for Sogndal i morgon, seier Mangersnes.

Det er framleis nokre kampar att før sesongen er slutt, men for Sogndal er det uhyre viktig å ta poeng i morgon. Dei har 11 kampar bak seg utan ein einaste siger. Det har gitt tynt med poeng.

– Vi må starte det i morgon. Vi ønskjer å stå fram offensive og pågåande på heimebane, seier Mangersnes.

DETTE TRUR FOLK I FJØRA OM KAMPEN:


Laster innhold, vennligst vent..

Har berre fokus på morgondagens kamp

Han vil derimot ikkje seie at Tippeliga-toget er gått dersom Sogndal ikkje vinn i morgon.

– Vi har berre fokus på morgondagens kamp. Det skal spelast mange kampar i helga. Og det er framleis 18 poeng som det skal spelast om. Å byrje med noko talmagi er ikkje interessant. Vårt fokus er å gå ut på bana og prestere ein god nok kamp til å vinne, seier Mangersnes.

Men at kampen er viktig, kjem han ikkje ifrå.

– Dette er ein svært avgjerande kamp, seier Mangersnes.

Sogndal har brukt veka på å både komme over tapet mot Sarpsborg, men også på å gjere seg klar til innsats mot Haugesund.

– Vi har brukt veka godt. Først for å riste av oss vonbrot og den fysiske påkjenninga det var å spele i Sarpsborg førre helg, og så har vi hatt eit sterkt fokus inn mot denne kampen, seier Mangersnes.

Har intenst ønskje om å lukkast

– Vi har ingenting å forsvare. Heile Norge trur at Sogndal har rykt ned. Uansett medium så er Sogndal ferdige. Då er vi tilbake til utgangspunktet. Det er opp til oss å motbevise alle i fotball-Norge at vi har noko i eliteserien å gjere, seier Mangersnes.

Trass i forventningar frå både supporterar og bygdefolk, trur han det er spelarane som har størst forventningar til eigen prestasjon.

– Største presset legg gruppa på seg sjølv. Ein har over tid bygd opp eit intenst ønskje om å lukkast. Når ein ikkje får ting til å gå sin veg, så er det lett for at det knyter seg litt. Då vert du din eigen fiende, seier Mangersnes.

Må skape sjansar

Han peikar på at det handlar mykje om å frigjere den energien.

– Det handlar om å få ein god start på kampen. Vi har hatt gode treningsøkter og klart å skape ein god stemning i garderoben. Det må vi dra med oss inn i starten av kampen, slik at vi får meistringskjensle og kjensle av at ting går vår veg, seier Mangersnes.

Han har strategien klar for kva som skal til for at Sogndal skal syne styrke på bana.

– Vi må få nok situasjonar inne i Haugesund sin 16-meter for å skape nok store sjansar. Skapar vi nok sjansar er vi nøydde til å score mål i morgon. Vi er visse på at vi har den kompetansen i laget, seier Mangersnes.