Hopp til innhold

No kjem skjebnekampane på rad og rekke

Sogndal har ikkje vunne ein kamp i eliteserien sidan juni, og no kjem kampane mot dei andre dumpekandidatane tett som hagl. Ulrik Flo meiner Sogndal må vinne tre-fire kampar av dei ni resterande.

Ulrik Flo

TETT I BOTNEN: Sogndal skal ut i mange botnkampar utover hausten, som her mot Sandnes Ulf. Ulrik Flo trur sogningane må vinne tre-fire kampar for å overleve på øvste nivå.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det blir viktige kampar, men det kan vere ein fordel for oss. Vi må iallfall slå dei som ligg bak oss på tabellen, og gjerne også dei som er aller nærmast. Eg trur vi treng tre-fire sigrar. Om vi klarer det, så vil det vere nok med ein uavgjort eller to, seier Ulrik Flo.

Sist Sogndal vann ein kamp i eliteserien er så langt tilbake som i juni, då dei slo Vålerenga 2-0 på Fosshaugane. Sidan den gongen har det berre blitt to poeng på åtte kampar.

No er laget for alvor involvert i botnstriden.

Arne Scheie
Foto: Magne Hansen / NRK

– Den siste tida har det vore mykje stang ut for Sogndal. Men eg synest alle rundt Sogndal må sjå at dei har spelt bra. Mot Lillestrøm var det nesten eit ran. Det gir håp framfor dei siste kampane, meiner Arne Scheie.

Satsar på å snu trenden i helga

Statistisk sett må eit lag ha meir enn 30 poeng for å sikre seg ny kontrakt i eliteserien. Sogndal ligg no på kvalikplassen med 20 poeng.

Oppover på tabellen er det så tett og jamnt at Scheie ikkje torer å tippe utfallet av dramaet.

– Eg levnar ikkje Sandnes Ulf moglegheiter til å greie seg. Utover det, er det vanskeleg å spå. Sogndal sine sjansar er på linje med dei fire andre laga som kjempar om å overleve, seier NRK-veteranen.

Ulrik Flo trur Sogndal snur trenden allereie i helgas bortekamp mot Start.

– Eg synest vi har hatt ein stigande kurve no, så eg trur vi snur det mot Start. Det er ein god tone i garderoben, og vi har halde hovudet oppe - sjølv om det har gått veldig tungt. Eg synest vi har stått fram med ein god figur sjølv om poenga har uteblitt, seier spissen.

Trur Brann og Sandnes Ulf skal slite

Flo meiner mange kampar mot gode lag må ta litt av skulda for den labre poengfangsten etter fotballferien. Samstundes har ikkje laget spelt godt nok, og marginane har ikkje vore på Sogndal si side.

No kjem det derimot kampar mot botnlag på rad og rekkje (sjå faktaboksen til høgre).

– Eg trur ikkje det er veldig mykje som skal til for at vi skal klare å snu det. Vi må berre få i boks den første trepoengaren, så trur eg det kjem bensin på bålet, seier han.

– Korleis vil du spå utfallet av nedrykksstriden?

– Eg trur nok Sandnes Ulf går ned, dei har ein lang veg opp no. Så blir det jamt mellom resten. Eg har veldig tru på Sogndal - vi held plassen. Men eg trur Brann skal slite med å halde seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo

SLAG I TRYNET: Det bitre tapet mot Lillestrøm sist serierunde var tungt å svelgje for Sogndal-supporterane. Her er Ulrik Flo symbolsk nok i kneståande.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Imponert over Sogndals prestasjonar

Brann er blant laga Sogndal skal møte i serieinnspurten - dei to laga møtest i Bergen i nest siste serierunde. Då kan mykje vere avgjort, men det kan også liggje an til eit vestlandsderby av dei heilt sjeldne.

– Det kan fort bli ein storkamp. Viktig, prestisjetung og eit skikkeleg vestlandsoppgjer. Men eg trur kanskje mykje kan vere avklart før den kampen. Eg håpar for Sogndal sin del at det ikkje blir avgjerande, seier Scheie.

Han er full av lovord om prestasjonane til Sogndal dei siste 40 åra.

– Dei har vore imponerande så langt tilbake som til midt på 70-talet. Eg veit nesten ikkje kva ord eg skal bruke. Det er berre å ta av seg hatten for det dei har greidd - mot alle odds, seier Scheie.