Hopp til innhold

Trur Hovland blir ein stor suksess i Tyskland

Even Hovland ligg an til å bli skadefri i god tid før skjema. Tidlegare Nürnberg-klippe trur 25-åringen blir ein nøkkelspelar i kampen om opprykk til tysk Bundesliga.

Ivar Andreas Forn

SENTRAL: Even Hovland har vore ein nøkkelspelar på alle laga han har spelt for. Tidlegare Nürnberg-kaptein Anders Giske trur sogningen kan bli ein suksess også i Tyskland.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg trur Even kan bli ein av støttespelarane på Nürnberg. No må han berre få nok kampar, få etablert seg, bli varm i trøya og lære seg språket - så går det nok ganske fort, seier Anders Giske.

Han har sjølv lang røynsle frå tysk toppfotball, mellom anna var han kaptein på Nürnberg i tre sesongar på 80-talet. Han følgjer framleis med på det som skjer i gamleklubben.

Sportsleg leiar Anders Giske

TRUR PÅ SUKSESS: Anders Giske.

Foto: NRK

Og han har stor tru på sogningen som no er i klubben.

– Even har både fysikken og hurtigheiten som skal til for å hevde seg. Tyskland er midt i blinken for han. Eg er sikker på at han tek nivået ganske kjapt. Om kort tid er han ein støttespelar på laget, seier Giske.

Kan snart vere tilbake på fellestrening

Hovland tok i sommar steget frå Molde i norsk eliteserie til Nürnberg i 2. Bundesliga. Klubben rykte sist sesong ned på nest øvste nivå i Tyskland.

Etter kort tid fekk Hovland ein skade under ein treningskamp for den nye klubben. No har han vore sett ut av spel sidan juli, då det tyske fotballmagasinet Kicker først melde om skaden.

– Det er alltid kjedeleg å bli skadd, iallfall no når eg akkurat har komme til ein ny klubb, seier Hovland.

Skaden var ei rift i eine lårmuskelen.

– No ligg eg godt framfor skjema, og eg håpar eg når som helst kan trene med resten av laget igjen, seier midtstopparen.

Spelarane har stort press på seg

I mellomtida har lagkameratane starta sesongen for Nürnberg. Det har enda med to tap og éin siger. Fjortandeplassen er ikkje i tråd med ambisjonane om å rykkje opp.

– Ingen er nøgde med at vi ikkje har fått ein betre start enn det. Men når du ikkje klarer å score fleire mål enn motstandaren, og ikkje spelar betre enn dei, fortener du heller ikkje poeng. Vi har ikkje vore gode nok. No må vi må halde fram å jobbe, og snu dette fortast mogleg, seier Hovland.

Anders Giske var i tysk toppfotball i ein tiårsperiode, og veit det meste om presset som følgjer med å vere spelar i ein klubb som Nürnberg.

– Det er ein stor klubb. Ein tradisjonsklubb med veldig mange tilhengarar. Du blir kjent igjen på gata, for å seie det slik. Med stor interesse rundt klubben blir det stilt store krav om at dei skal vere med og kjempe i øvste divisjon. Og det er nok eit tidsspørsmål før dei er tilbake, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Hovland-skade i tyske Kicker

HOVLAND-SJOKK: Det tyske fotballmagasinet Kicker slo stort opp at Even Hovland vart skadd kort tid etter overgangen frå Molde til Nürnberg.

Foto: Skjermdump

Byggjer nytt lag rundt sterke stopparar

Sjølv kan Hovland stadfeste at det er stor interesse rundt laget, og at det er store forventingar til at spelarane skal prestere.

Frå sist sesong har meir enn halvparten av spelarane gått til andre lag. Ny sjefstrenar er franske Valérien Ismaël. Nürnberg byggjer no eit nytt lag med tanke på opprykk.

Blant dei viktigaste spelarane er den argentinske midtstopperen Javier Pinola. Også forsvarskollega Hovland er tiltenkt ein sentral rolle i den bakre lagdelen.

– Korleis føler du posisjonen din er i klubben?

– Eg må berre kjempe vidare. Sesongen har byrja, og dei andre har komme i gang. Så no må eg berre komme meg tilbake på treningsfeltet og kjempe om å få meg ein plass på laget. Så må eg ta sjansen når eg får han, seier Hovland sjølv.

Ifølgje tyske Bild betalte FC Nürnberg 250.000 euro for 25-åringen. Det tilsvarar om lag to millioner norske kroner.

Sjå Egil «Drillo» Olsen vurdere Even Hovland på sogningen si første landslagssamling i 2011:

Landslagssjefen i fotball, Egil "Drillo" Olsen, er mektig imponert over førstereisguten Even Hovland.

Siste nytt

  • BBC: Messi klar for Inter Miami

    Ifølge BBC blir Inter Miami neste stoppested for Lionel Messi.

    Det er allerede klart at han forlater PSG etter sesongen, men hvor turen gikk videre for den argentinske superstjernen er foreløpig ikke offisielt bekreftet.

    Saudi-Arabia har blit nevnt, og hans tidligere klubb Barcelona har avholdt møter med spillerens far.

    Skal man tro BBC er det David Beckhams klubb Inter Miami som har vunnet drakampen. Artikkelen er ført i pennen av Messi-forfatter Guillem Balague.

    I artikkelen hevdes det at avtalen inkluderer sponsoravtaler med Adidas og Apple. Messi skal angivelig allerede eie et hus i Miami som han i dag leier ut.

    Ligue 1 - Paris St Germain v Clermont
    Foto: BENOIT TESSIER / Reuters
  • Medier: Qatar med nytt og forbedret Manchester United-bud

    Qatar-sjeiken Jassim Bin Hamad Al-Thani skal denne uken ha levert inn et oppjustert bud på fotballklubben Manchester United.

    Flere toneangivende britiske medier som BBC , The Times og Daily Mail hevder å ha kilder på dette onsdag. Fotballjournalisten Fabrizio Romano melder det samme.

    Daily Mail skriver at budet fra Al-Thani skal ha en totalramme på cirka 75 milliarder norske kroner. BBC skriver at det videre legges opp til at all United-gjeld innfris, samtidig som det settes av penger til i et fond til bruk i klubben og lokalsamfunnet.

    Budet som nå ligger på bordet beskrives som det aller siste og endelige fra Al-Thani. Han skal ifølge Fabrizio Romano ha gitt klar beskjed om det ikke vil komme nye bud fra hans side.

    Uniteds nåværende eiere, den amerikanske Glazer-familien, sies å ha fått frist til fredag denne uken med å ta stilling til forslaget.

    Den britiske milliardæren Jim Ratcliffe er den andre aktøren som kjemper om å få kontrollen over Old Trafford-klubben. Britiske medier har spekulert i at Ratcliffe har vært i førersetet fram til nå. (NTB)

    Premier League - Manchester United v Southampton
    Foto: PHIL NOBLE / Reuters
  • 16-åring fikk sjokkbeskjed: Trente med landslagsgutta

    Landslagets samling starter først på mandag, men onsdag var flere av stjernene samlet for en treningsøkt i Lillestrøm. Der fikk 16 år gamle Leander Gunnerød være med.

    – Det er en stor opplevelse. Jeg hadde aldri trodd det selv, men jeg er veldig takknemlig, sier Gunnerød til NRK.

    Målvakten, som til daglig spiller i Stabæk, sier han ble sjokkert da han fikk en telefon fra sin keepertrener om å bli med landslagsstjerner som Martin Ødegaard, Leo Skiri Østigård og Sander Berge på trening.

    Stabæk-keeperen, som fikk proffkontrakt med Stabæk i fjor, forteller han ble tatt godt imot av stjernene.

    – De tok meg veldig godt imot, alle hilste på meg og jeg fikk snakket med noen av dem.

    Og han sier det var noe annet å forsøke å redde skudd fra Ola Solbakken og Ødegaard enn det han er vant til.

    Norges landslagskaptein sier selv til NRK at han er fornøyd med treningen

    – Det var god stemning. Det var trivelig. Vi har to viktige kamper og det er godt å komme i gang. Det er litt mer lek og moro og komme seg i gang nå, så begynner vi ordentlig på mandag, sier Ødegaard.

    Norge skal møte Skottland og Kypros hjemme på Ullevaal stadion senere i juni.

    Leander Gunnerud
    Foto: Sondre Skandsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste