Hopp til innhold

Meiner Nordfjord ikkje prioriterer rekruttering

Når karrieremessa går av stabelen i Bergen neste veke, er berre seks bedrifter frå Nordfjord representert. Det tykkjer Anne Van Oorschot i Framtidsfylket er for dårleg.

Framtidsfylket og Van Oorschot

FOR DÅRLEG: Anne Van Oorschot meiner bedrifter i Nordfjord er for dårlege når det gjeld å profilere seg som ein attraktiv arbeidsgjevar.

Foto: Framtidsfylket

– Berre seks av 52 verksemder som deltek på karrieremessa i Bergen neste veke er frå Nordfjord, det utgjer knappe 11 prosent, seier leiar i Framtidsfylket, Anne Van Oorschot.

Ho legg til at fylket i tillegg har eit traineeprogram for unge menneske med høgare utdanning.

Få trainéeplassar i Nordfjord

– Det er eit svært godt verktøy for å dei til å kome til Sogn og Fjordane. Men i år har vi ingen trainéeplassar i Nordfjord. I fjor var det éin, seier van Oorchot, som meiner Nordfjord deltek for lite i dei tinga som Framtidsfylket gjer for å dra til seg unge utanfor fylket.

Måndag var det ein konferanse i regi av Nordfjordrådet. Heller ikkje der var verksemder frå Nordfjord veldig godt representert.

– Det var nesten ingen frå næringslivet til stades. Det er eit teikn. Eg trur det har å gjere med at det er mange små bedrifter i Nordfjord. Eg trur også at dei ikkje har noko strategisk satsing på rekruttering. Dei har ikkje skjønt kor viktig det er å profilere seg som ein attraktiv arbeidsgjevar, seier van Oorschot.

Ikkje så heilsvart

Ho legg til at sikkert har mykje å gjere dagleg, men at dei ikkje heilt ser at dei må vere med, elles går toget.

Ordførar i Eid og tidlegare dagleg leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo meiner biletet som blir teikna er noko vel svart i forhold til kva som er realiteten.

– For det første er det ein god del stands frå Nordfjord. For det andre er det fleire fylkesdekkjande stands, til dømes fylkeskommunen, bankane og andre som kanskje har hovudsete i Sunnfjord og Sogn, men som har mange attraktive jobbar i Nordfjord-området, seier Bjørlo.

Men han er samd i at både ein del bedrifter og kommunar i Nordfjord er for passive.

– At Van Oorschot gir Nordfjord-regionen eit spark bak, tykkjer eg er heilt på sin plass, seier Bjørlo.

– Har delvis rett

Stein Bjørhovde jobbar med næringslivet i Eid, og han gir også van Oorschot noko rett.

– Umiddelbart må eg gi henne rett. Det er truleg det at det er mange små bedrifter og at dei fleste er opptekne med det daglege som er hovudårsaka. Men det er også noko med kva behov bedriftene har, seier Bjørhovde, og siktar til at fleire bedrifter har behov for folk innan yrkesfagleg sektor.

– Då blir det ikkje like aktuelt å vere med på denne typen messer som rettar seg mot høgare utdanna, trur Bjørhovde.

Har med innstilling å gjere

Alfred Bjørlo trur det også seier noko om mentaliteten i bedriftene i Nordfjord.

– Vi ser at det er spennande bedrifter i Nordfjord som hengjer seg med og ser at dei må satse og tenkje langsiktig. Mellom anna har næringslivet i Stryn gått saman om ein felles stand, seier Bjørlo.

Men han trur at ein generelt har ei jobb å gjere når det gjeld innstilling.

– Det er for lite samarbeidsvilje i Nordfjord. Og så manglar ein dei store motorane som dreg dei andre med seg, dei store offentlege aktørane, seier Bjørlo, og tenkjer på fylkeskommunen, Difi og Høgskulen i Sogn og Fjordane, mellom anna.

Enormt behov for akademisk utdanna

– Ser ein på kommunane i Nordfjord er det eit enormt behov for akademisk arbeidskraft i åra som kjem. Det vil vere behov for fleire hundre nye arbeidstakarar i Nordfjord-kommunane dei neste fem til sju åra. Mange av dei med høgare kompetanse, seier Bjørlo.

Han trur mange av kommunane sit på kvar sitt gjerde og trur at dette vil ordne seg.

– Så dette sparket bak må ein ta til seg, seier Bjørlo.