Medan europeiske land slit med massearbeidsløyse blant ungdom, slit næringslivet i Noreg med å få tak i høgt utdanna arbeidskraft. Særleg bedrifter i utkantane tapar kampen om høgt utdanna ungdom.
– Vi er på jakt etter folk heile tiden. Tilgangen på arbeidskraft er for dårleg, seier dagleg leiar i arkitekt- og ingeniørfirmaet Nordplan, Svein Rotevatn.
I Nordplan er ikkje problemet å ha nok arbeid, men å ha nok folk til å ta seg av oppgåvene. Dei 40 tilsette i Nordplan held til på stadar som Nordfjordeid, Førde, Vågå og Ålesund.
I Norge går framleis bygg- og anleggsbransjen på høggir trass gjeldskrisa i Europa.
– Vi må rekurettere folk heile tida og vi har ambisjonar om å vekse med kring ti personar dei neste to åra, seier Rotevatn.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Få ungdomen hit og gi dei eit arbeid
BI-professor og leiar for prosjektet "Eit kunnskapsbasert Norge", Torger Reve, meiner næringslivet bør utnytte situasjonen i Europa.
– Vi ser at det er store grupper høgt utdanna ungdomar som ikkje får jobb i andre delar av Europa. Det gjeld også nabolandet vårt Sverige, men ikkje minst i Øst-Europa og Sør-Europa. Her ligg det store ressursar som ein burde hente heim til Noreg.
Men Svein Rotevatn seier det er utfordringar med å hente utanlandsk arbeidskraft.
– Vi annonserar jamnleg etter folk, men får få norske søkjarar. Det dett inn ei god mengd øst-europearar og spanjolar. Masse flinke folk, men dilemmaet er "våger vi å tilsette denne personen".
– Kvifor er det problematisk?
– Problemet er at dei treng opplæring i norsk språk og norske forskrifter for bransjen vår. Det tek kanskje to år før ein er i full produksjon. Viss eg kunne vite at den personen kom til å bli verande utover to år, i minst fire år, så kunne det vere ein god idé å tilsetje personen.
Skeptiske til risikoen
I Sogn og Fjordane har næringslivet og det offentlege skipa organisasjonen Framtidsfylket for å lette rekrutteringa av kompetent arbeidskraft. Framtidsfylket organiserer mellom anna karrieremesser i byar som Oslo, Bergen og Trondheim for å lokke på unge studentar.
Dagleg leiar Anne Van Oorschot stadfestar at næringslivet er forsiktige med å sjå mot utlandet.
– Eg er usikker på om næringslivet er villige til å ta ein slik risiko. Vi er ikkje klare til å bruke engelsk som arbeidsspråk.
LES OGSÅ:
Våge å ta utfordringa
Torger Reve meiner næringslivet like gjerne kunne hatt karrieremesser i Madrid eller Stockholm, i staden for å konkurrere i ein norsk arbeidsmarknad som er i ein særstilling i Europa.
– Vi ser at ganske mange næringer i dag er avhengige av å få arbeidskraf frå utlandet. Vi har allereie sett det i skipsverfta, seier Reve.
Også Svein Rotevatn trur at skepsisen må leggast til side. Skal distriktsnorge halde oppe eit høgkompetent næringsliv finst det truleg ingen veg utanom, meiner han.
– Eg trur vi rett og slett må forstå at det er mange der ute som er på vårt nivå i utdanning og kompetanse, og våge å ta utfordringa.