Hopp til innhold

– Sogndal satsar på tilflytting gjennom fjellsport og friluft. Det har dei lukkast med.

Fire av fem kommunar i landet har i mindre grad lukkast med tilflyttingsprosjekta sine. – Ein må satse meir målretta, slik blant anna Sogndal har gjort, meiner Distriktssenteret.

Fjellsportfestivalen og Dan-Erik Aggvin

DESSE VIL TIL SOGNDAL: Skifolket ferdast til Sogndal i hopetal. Ikkje berre til Fjellsportfestivalen, der dette biletet er teke, men også på permanent basis. Dan-Erik Aggvin i Distriktssenteret (innfelt) seier at kommunane må sats meir målretta.

Foto: Aslak Os /NRK / NRK

Mange kommunar slit med fråflytting og mangel på arbeidskraft. Men fire av fem kommunar i landet driv med tilflyttingsarbeid, men det har ikkje har hatt den effekten dei ønskte, det syner ein ny studie gjort for Distriktssenteret.

Sogndal er er ein av kommunane som har lukkast i større grad enn mange andre. Korleis? Med målretta arbeid mot éi spesifikk målgruppe: fjellsportfolk.

– Gå etter ei konkret målgruppe

– Sogndal nyt godt av å vera i medvind, men noko av den medvinden kjem nok av den satsinga dei har hatt på blant anna fjellsport, Bratt moro og Fjellsportfestivalen, men også profilering om framtidsfylket. Det handlar om å nå ei veldig bestemt målgruppe: nemleg dei som vil ha kompetansearbeidsplassar og er interesserte i fjellsport, seier kommunikasjonsrådgjevar Dan-Erik Aggvin ved Distriktssenteret.

I Sogndal har Bratt moro dei siste åra skapt aktivitet i kommunen knytt til friluftsliv, fjellsport, og då spesielt skikøyring. Fjellsportfestivalen i februar er blitt ein veldig populær festival som trekk til seg folk frå heile landet og Fjell- og fjordmoro er ein festival i same sjangeren på seinsommaren/hausten.

I Hodlekve i Sogndalsdalen satsar no investorar stort på oppgradering av skiheisen og hyttefelt til fleire milliardar kroner.

Ikkje nok med det: Sogndal vart i fjor kåra til Norges finaste utestad av Utemagasinet og Visit Norway.

Fjellsportfestivalen 2013

POPULÆR: Fjellsportfestivalen er blitt ein veldig populær festival. På Fjellsportkveldane på årets festival måtte folk stå på gangen for å få med seg showet.

Foto: André Kalstad

Fleire institusjonar har vore med i studien som er gjort for Distriktssenteret, og resultatet syner at tilflyttingsarbeidet verkar i det små. Det vil seie at om ein prøver å dekkje konkrete behov for til dømes arbeidskraft i lokalsamfunnet og har ei konkret målgruppe, så har det effekt.

– Med å seia at «i Sogndal har me den beste snøen» går dei etter ei veldig konkret målgruppe som kanskje dei ikkje hadde fått tak i gjennom ein meir generell kanal som «flytt hit, me treng folk» slik ein del kommunar gjer og ikkje lukkast med.

– Mykje å lære av Sogndal

– Det handlar veldig mykje om det å jobba mot ei bestemt og konkret målgruppe. I Sogndal er det fjellsportutøvarane, andre stader har dei jobba konkret med å få kunstnarar til å flytta dit. Det er so konkret at det går an å få resultat av det, medan veldig mange i Norge jobbar for å få alle til å flytta dit, og det er ikkje so lett når også alle andre kommunar jobbar for nett det same, seier han.

I prosjektet har dei gått grundig til verks når dei har undersøkt kommunane.

– I Sogndal svarar veldig mange at dei har ein eller annan fritidsgrunn for å bu der.

– Men felles for alle kommunane i undersøkjinga er at det er fleire som flyttar av heilt andre grunnar enn tilflyttingsarbeidet enn som flyttar på grunn av tilflyttingsarbeidet.

– Har gjort statistikken til skamme

Ein kommune som har satsa breitt er Askvoll. Men trass i at dei ikkje har vore så målretta som Sogndal, så kan ordførar, Frida Melvær kan glede seg over folketalsauke.

– Dei siste tre åra har me gjort den statistikken til skamme. Det har blitt gjort eit kjempeflott arbeid frå grendene, både bulystprosjekt og tilflyttingsprosjekt, og me har hatt ein god dialog mellom kommune, næringsliv og grendelag om nettopp dette med tilflytting, seier ho.