Hopp til innhold

Skulle bygge på fast fjell – fann berre jord

Her skulle dei bygge eit vindkraftanlegg på fast fjell. Det ingen hadde tenkt på var å undersøke grunnen på førehand.

Grop til vindturbin

GROP: Denne gropa skal bli fundament for ein vindturbin. Leiar i Naturvernforbundet Truls Gulowsen står ved kanten.

Foto: Jørund Nygård / Naturvernforbundet

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I vinter kom dei fyrste gravemaskinene opp på fjellet Okla på Stad. Der skulle dei starte arbeidet med å reise vindturbinar.

Etter god norsk byggetradisjon skulle turbinane stå på fast fjell.

Men då italiensk-eigde Falck Renewables Vind byrja å grave, oppdaga dei noko rart. Det var ikkje fast fjell å finne.

Bere jord, torv og morene.

I søknaden hadde dei lova at «fundamenta vil vere av type 'fjellforankra', som inneber bruk av strekkstag direkte til fjell.»

Dei la til: «Samanlikna med 'gravitasjonsfundament', vil et fjellforankra fundament ha et langt mindre inngrep i terrenget.»

Men terrenget var slettes ikkje slik utbyggarane tolka kartet.

Biletet viser området der vindturbinane til Okla vindkraftverk er under bygging.

OKLA: Gravemaskinen har vore på toppen av fjellet, men fann ikkje fast fjell. I alt skal fem vindturbinar kome her.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fann ikkje fast fjell

For få veker sidan, snart halvvegs i byggearbeidet, gjekk difor Falk Renewable Vind tilbake til staten, og søkjer om løyve til å endre planane sine.

I staden for å bore turbinane fast i fjellet, ville dei bruke «gravitasjonsfundament» likevel.

Søknaden vart sendt til NVE, som er staten sitt direktorat for vassdrag og energi.

Eit gravitasjonsfundament er enkelt forklart eit hol i bakken, som blir fylt med forskaling, armeringsjern og betong. På toppen vert det 150 meter høge turbintårnet festa fast.

Til kvart av dei fem fundamenta går det med om lag 45 tonn stål og 500 kubikkmeter betong. Det største fundamentet er nær 20 meter i diameter, høgda frå botn til toppen er 3,4 meter, i fylgje NVE.

I søknaden skriv utbyggaren at no har det ikkje noko å bety for naturen kva slags fundament dei brukar.

«Det er etter vår vurdering ingen vesentlege ytterlegare konsekvensar knytt til endra løysing for landskap og miljø.»

OKLA: Okla vindkraftverk ligg ytst i Stad kommune, nokre mil unna kommunesenteret Nordfjordeid.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner utbyggjaren har vore «slurvete» når dei ikkje tidlegare i prosessen har forsikra seg om at det finst fast fjell å bygge på.

– Dei bør ikkje få løyve til å endre planane undervegs, for å dekke over sitt eige slurv, seier han.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen

SYNFARING: Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen meiner utbygginga må stoppast.

Foto: Jørund Nygård / Naturvernforbundet

Må frakte stein til bygda med båt

Så lite fast fjell er å finne at sjølv stein til vegbygginga og oppstillingsplassane for turbinane må fraktast inn til Stadlandet med båt.

Falck Renewables Vind vil ikkje svare på kor mange båtlass det er snakk om. Når Kystverket sjekkar satellittdata for NRK tyder tala på at over 30 fraktebåtar så langt i byggeperioden har lagt til kai i bygda.

Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Stad kommune. Han er kritisk til at utbyggar ikkje har blitt møtt med strengare krav til undersøkingar frå staten.

Frå før hadde miljøstyresmaktene åtvara mot utbygginga, men regjeringa lytta heller til ein konsulentrapport som nedgraderte naturen sin verdi på Stadlandet over natta.

– Konsesjonen vart gitt for mange år sida, utbyggar har hatt all verdas tid til å gjere førearbeid, seier Bjørlo.

Han viser til at kommunane blir nøye passa på av staten om at alt av kartleggingar og forundersøkingar er gjort før utbyggingar kan godkjennast.

– Men når staten sjølv styrer prosessane, så kan altså dette skje. Det er ikkje greitt i det heile tatt.

Transport av stein.

BÅT: Mangel på fast fjell gjer at båtlass med stein blir køyrt til bygda, Kva kostnadssprekken blir vil ikkje utbyggar opplyse om.

Foto: Hans Christian Hansen

Utbyggar: – Vi følgjer reglane

Falck Renewables Vind seier dei ikkje kunne gjort noko annleis.

– Utan naudsynte løyve var det ikkje råd å kome opp på fjellet og undersøke grunntilhøva. Vi vil ta godt vare på jorda vi grev ut, og legge den på plass att i landskapet så snart som råd, skriv administrerande direktør, Scott Gilbert i ein e-post til NRK.

Løyva han viser til er godkjenning av detaljplanar og reguleringsplanar, som har vore gjennom fleire klagerundar.

Gilbert seier likevel at dei aldri har forsøkt å få eit eige løyve til eigne grunnundersøkingar. Når konsesjonsperioden er over om 25 år, skal vindkraftverket fjernast.

– Reglane for konsesjonen tilseier at fundamenta skal fjernast, og det vil vi gjere, seier Gilbert.

Gilbert meiner produksjonen av fornybar energi vil utlikne CO₂-utsleppa frå betongen.

– Dette vil bli utlikna innan 15 dagar med kraftproduksjon, lovar han.

NVE: – Vi har fått mange klager

NVE gav løyve til endringane i fundament på Stadlandet, utan å legge søknaden ut på høyring.

Det har resultert i klagestorm. No sit NVE og les gjennom 157 skriftlege klager.

– Vi meiner det ikkje har noko å seie at utbyggar må grave djupare, men held seg innanfor området som er gitt løyve til, seier Øyvind Leirset, som er seksjonsleiar i NVE.

Betongen kan bli liggande i fjellet for alltid. NVE kan ikkje love at fundamenta skal fjernast heilt når vindkraftverket si tid er omme.

– Vi har ikkje erfaring med å gjere dette her til lands, det kan vere meir ulempe for naturen å fjerne alt, det er ei vurdering som vi må ta når den tida kjem, seier Leirset.

Om NVE står fast ved løyvet, må Olje- og energiministeren avgjere saka.

Og det hastar. Vindkraftverket har frist til 31. desember på å starte opp.

Alternativet er at konsesjonen går ut, og utbyggar må pakke saman.

– NVE har teke imot krav om at arbeidet med fundamenta ikkje kan setjast i gang før klagene er avgjorde. NVE tek sikte på å ta stilling til dette kravet denne veka. Inntil vidare har konsesjonær lov å halde fram arbeidet slik som godkjent, seier Leirset.