Hopp til innhold

Sjå utspørjingane med dei tre småpartia

FØRDE (NRK): I dag vart siste runde med partiutspørjingar gjennomført både på radio og nett hos NRK Sogn og Fjordane, og sist ut var tre av dei minste partia.

Småparti i utspørjing

UTSPØRJING: Alliansen, Dei Kristne og Raudt var med på partiutspørjinga med Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Jødane har skaffa seg veldig mykje makt, det er jo dei som styrer i USA, sa Alliansen sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Asbjørn Massnes, under dagens partiutspørjing.

I dag har tre av dei minste partia som stiller til val i Sogn og Fjordane vore igjennom ei utspørjing med programleiar Erlend Blaalid Oldeide. Alliansen, Raudt og Dei Kristne har det til felles at det ikkje er representert i Stortinget i dag.

Massnes frå Alliansen markerte seg mellom anna som ein klimaskeptikar.

– Desse Co₂-påstandane som er ute og går, dei er jo berre tull.

– Det trur du ikkje på?

– Eg trur ikkje noko som helst, eg veit at det ikkje stemmer.

Har meldt seg ut av Kystpartiet

Massnes har i ei årrekkje vore førstekandidat for Kystpartiet her i fylket, men har no altså byta parti. Grunnlaget for å byte parti forklarar han slik:

– Kystpartiet har ikkje orden i rekneskapen sin, og eit parti som ikkje har det, er ikkje skikka til å styre landet, sa Massnes

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide

SJÅ UTSPØRJINGA AV ASBJØRN MASSNES HER: Alliansen sin førstekandidat i Sogn og Fjordane.

Eit likestilt samfunn

Den andre toppkandidaten som vart stilt til veggs var Raudt sin førstekandidat Ingunn Kandal.

– Vi vil ha eit samfunn som er likt for veldig mange. Eit likestilt samfunn der alle skal ha like moglegheiter, slik skildra ho verdigrunnlaget til partiet sitt.

Kandal fortalde at Raudt vil ha eit heilt annleis samfunn enn det vi har i dag, og ho kalla det for sosialisme. På spørsmål om korleis det vil sjå ut i praksis, svara ho:

– Det er eit utfordrande spørsmål. Vi vil dra venstresida til venstre, slik vi mellom anna har klart å gjere i Oslo. Vi vil ha eit samfunn med meir demokrati, sa Kandal.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide

SJÅ UTSPØRJINGA AV INGUNN KANDAL: Raudt vil ha sosialisme i Sogn og Fjordane.

Meiner innvandring trugar kristne verdiar

Bjørg Sølvi Refvik er førstekandidaten til partiet Dei Kristne.

– Verdigrunnlaget vårt er dei kristne verdiane som Norge eigentleg er bygd på. Norges lover og den judeo-kristne arven som vi finn i bibelen, sa Refvik.

Ho trakk mellom anna fram innvandring som ei utfordring i samfunnet.

– Det er ei utgliding i samband med at vi får inn andre folkegrupper. Kristendomen er ikkje lenger statsreligion, men skal vere likestilt med dei andre religionane.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide

SJÅ UTSPØRJINGA AV BJØRG SØLVI REFVIK: ho er førstekandidaten

Demokratene, liberalistene og helsepartiet stiller også liste i Sogn og Fjordane, men hadde ikkje høve til å stille i dag.