Sjå korleis folk feira nasjonaldagen

Fleire har delt bilete med oss frå 17. mai-feiringa si. Her kan du sjå korleis folk i fylket feira nasjonaldagen.

Sliten etter feiringa

SLITEN: Nokon vart kanskje litt slitne etter ein heil dag i bunaden. Bilete delt av @frydogfjas.

Foto: Instagram/Mari Henden

Dei fleste stader i fylket synte sola seg på sjølvaste 17. mai. Denne gjengen slo like greitt til med litt akrobatikk i finsola.

Fleire synte oss artige positurar på Instagram, slik som denne bestemora som «dabba» i 17. mai-antrekket.

Fleire bilete ser du her:

Gjekk du glipp av innslaga frå Skjolden?

Under NRK1 si sending på den store dagen fekk Skjolden i Sogn vise kva dei hadde å by på. Vår reporter Solveig Svarstad var på plass, her på kaia når over 2000 cruisebåt-turistar kom for å vere med på feiringa.

På kaia i Skjolden i Sogn

FLAGG: Dei hadde kjøpt inn 2000 norske flagg for å dele ut på til turistane.

Turistane fekk også vere med på Lama-safari hos bonden Simon Page.

Lamasafari på nasjonaldagen

LAMA: Vi fekk møte nokre lamaer i Skjolden som blei med turistane og gå i tog.

Fleire bilete frå Instagram

Laster innhold, vennligst vent..