Hopp til innhold

Her har dei sekkepipe i staden for skulekorps

Dei har ikkje hatt korpsmusikk i bygda sidan skulemusikken blei lagd ned for over 20 år sidan. I år ville dei det annleis.

Sekkepipe i staden for korps

SJÅ VIDEO: Endeleg er det musikk i 17. mai-toget i Berle, om enn litt annleis enn dei er vane med frå gamalt av.

– Eg synest det er mektig og flott med sekkepipe mot fjord og fjell i fint ver på nasjonaldagen, seier Anne Kristoffersen i 17. mai – komiteen i Berle i Bremanger i Sogn og Fjordane.

Sekkepipespelaren i Berle

FULL MUNDUR: Her er han. Sekkepipespelaren frå USA som stilte i kilt for å spele i toget til folk frå Berle.

Foto: Anne Kristoffersen

Ho fortel at innbyggjarane i den vesle bygda med kring 90 fastbuande i år får besøk av ein kar frå USA som stiller i kilt for å spele sekkepipe fremst i 17. mai-toget.

– Han som kjem for å spele er ein kompis av ein ifrå bygda som lenge har drøymt om å kome til Noreg. Han hadde lyst til å bidra på nasjonaldagen, så han har tatt med seg sekkepipa, seier Kristoffersen.

Nye tonar

Ho fortel at bygda er veldig glade for å få musikk i toget og at sekkepipespelaren også skal underhalde på festen i bygda seinare på dagen. Repertoaret kan kanskje bli noko anna enn dei er vane med av musikk på nasjonaldagen.

– Det einaste eg veit er at han skal spele Amazing grace på festen, seier Kristoffersen.

17. mai i Berle

SAMLA: I Berle er folk samla til felles feiring heile nasjonaldagen.

Foto: Anne Kristoffersen

Alle samla

Sjølv om det ikkje bur meir enn 90 personar i Berle til dagleg er det ofte kring 110 personar samla i bygda på nasjonaldagen.

– Då kokar vi middag og lagar kaker til heile bygda også er vi samla heile dagen, seier Kristoffersen.

Så får vi berre håpe at sekkepipemusikken set ein spiss på dagen i Berle.