Hopp til innhold

Sjå Florø direkte i historisk cupkamp

Stimen frå Florø kjem til å gjere seg sterkt gjeldande i cupoppgjeret i Kristiansund onsdag kveld. Lagoppstillinga er klar og ligg lengre nede i artikkelen.

SJÅ DIREKTE: Frå klokka 18.30 kan du sjå kampen direkte her.

Laster innhold, vennligst vent..
Florø-supportarar på plass i Kristiansund

STEMNING: Sola skin og stemninga er på topp blant dei over 200 Florø-supportarane som har tatt turen til Kristiansund.

Foto: Bjørn Hollevik

Rundt 200 frå Florø har teke turen nordover langs kysten for å heie fram Florø Fotball. Laget har alt skrive historie ved å gå til åttandelsfinale for første gong. No kan dei skrive endå eit nytt kapittel ved å slå eliteserielaget Kristiansund og kvalifisere seg for kvartfinale i cupen.

Det var i den forrige cuprunden vendepunktet kom for Florø. Den 31. mai vart Sogndal slått 2–1 i Florø, og sidan har laget til Terje Rognsø innkassert den eine trepoengaren etter den andre i 1. divisjon. Det har ført laget opp på femteplass. Held dei seg der er dei mellom laga som får spele kvalifisering for eliteserien.

– Det er ikkje så stor forskjell på lag øvre del i førstedivisjon og nedre del av eliteserien, så eg trur Florø kan overraska. Dei hadde hatt betre sjansar på heimebane, men dei har eit godt lag og Endre Kupen er ein målgarantist, seier Tom Nordlie, som er NRK sin fotballekspert.

FLORØ (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christopher Lindquist, Runar Hove, Vegard Gjermundstad, Christer Husa – Stefan Aase, Luc Jeggo, Simen Reksten Solheim – Peter Aase, Endre Kupen, Rashad Muhammed.

Eit avansement til kvartfinalen betyr også om lag ein halv million i inntekter, og det er berre premiepengane.

Cup fotball 2017 Kristiansund-Florø.

SISTE SJEKK: Florø-spelarane er på plass på stadion i Kristiansund.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Men no er det cup det handlar om. Kristiansund vann 2–0 borte mot Ranheim i forrige cuprunde og er vanskelege å slå på eige gras.