Skuffa Bakke etter cup-exit: – Dei hadde ein utruleg god keeper

FLORØ (NRK): Sogndal skapte fleire store sjansar til å avgjera cupkampen mot Florø, men Nicklas Frenderup stod som ein levande vegg i Florø-målet.

Nicklas Frenderup, Florø fotball

VEGG: Florø-keeper Nicklas Frenderup stod som ein levande vegg i målet, då Florø slo Sogndal ut av tredje runde i cupen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er skuffande. Eg føler vi hadde sjansane til å vinna, men dei hadde ein god keeper som redda dei, Eg syns han var veldig god, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke etter cuptapet mot Florø.

For sjølv om Florø snudde kampen i andre omgang, stod det 0-0 til pause. Årsaka er ein dansk målvakt ved namn Nicklas Frenderup.

Feberredning

For før pause var det gjestane frå saftbygda som skapte dei største sjansane, og spesielt ved to høve var Frenderup meisterleg.

Eirik Bakke, Florø-Sogndal, cupen 2017

SKUFFA: Sogndal-trenar Eirik Bakke var langt frå nøgd etter kampslutt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
  • 19 minutt: Bendik Bye slo eit innlegg frå kanten til Gilbert Koomson som fekk godt treff frå 14 meter og ballen var på veg i vinkelen. Men der låg Frenderup strak ut og fekk slått den til corner.
  • 41 minutt: Koomson parkerte Florø-forsvaret med farta si og kom aleine gjennom med keeper. Men i staden for å avslutta sjølv trilla han ballen til venstre der Martin Ramsland berre kunne trilla ballen i det opne målet. Men ut av ingenting kom Frenderup som kasta seg inn og fekk hindra scoring.

– Det var herleg å gjera dei redningane. Eg syns vi viste ein solid laginnsats, men dette var nok ein av mine beste kampar. Spesielt på heimebane, seier ein smørblid Frenderup til NRK etter kampen.

Florø slo ut Sogndal av cupen.

Sjå alle måla fra Florø-Sogndal.

Vendepunktet

Florø har slite i serien og ligg på kvalifiseringsplassen mot nedrykk etter at ein tredjedel av sesongen er spelt. Men no snur det, trur den danske sisteskansen.

– Ja, denne kampen viste at det vi gjer på trening er bra og dette var vendepunktet. No vinn vi mot Sandnes Ulf på søndag, seier ein sjølvsikker Frenderup.

Florø-Sogndal, cupen 2017, Monir Benmoussa

GLAD: Ein hoppande glad Monir Benmoussa, etter at sette inn den avgjerande 2–1 scoringa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK