Hopp til innhold

Siri tok heilt av med mikrofonen i handa

– Eg tenkte «den mikrofonen er min», men vart litt paff då det kom over heile høgtalaranlegget, ler Siri Nordeide Grønli (33).

Siri Nordeide Grønli

SJÅ: Siri Nordeide Grønli gav lagveninnene sine ein uvanleg start på treninga si. (FOTO: Stabæk)

Om det var lykkerus over å ha slått Avaldsnes nokre dagar i førevegen, eller berre ei generell lyst for å showe, skal stå usagt.

Men Stabæk-spelarane fekk ein aldri så liten minikonsert med lagveninna frå Høyanger før treninga i oktober i fjor.

– Mikrofonen dukka plutseleg opp då eg kom ut på feltet. Dessverre, vil vel mange seie, så er eg ikkje vond å be, fortel Siri Nordeide Grønli.

Likar å showe

Inspirert av herrelagets John Alvbåge frå tidlegare på dagen, drog 33-åringen i gang for full hals då ho fekk mikrofonen i handa. Heilt uvitande om at røysta hennar ville ljome utover Nadderud.

Ei slik overrasking skulle ein tru sette ut både den eine og den andre, men nei da. 33-åringen køyrde på og bad endåtil om innspel til songar.

Siri Nordeide Grønli

KJENT STIL: Siri Nordeide Grønli blir skildra som ein ringrev på fotballbana. Neste år er 33-åringen nest eldst i Toppserien.

Foto: Peter Tubaas

Nordeide Grønli vedgår at ho ikkje står i vegen for litt sprell. Spesielt song og dans.

– Det er artig å bevege på kroppen. Det er noko eg alltid har gjort og noko du kan gjere uansett kvar ein er, seier ho og vedgår at ein mikrofon sjeldan får stå urørt i festleg lag.

– Er det ein mikrofon i rommet, så bør eg kanskje ikkje vere der, ler ho.

Mange høgdepunkt

Siri Nordeide Grønli

NM: Siri Nordeide Grønli med det synlege beviset på at ho vann cupgull med Stabæk i 2013.

Foto: NRK

Nordeide Grønli flytta tok i 2000 til på Norges Toppidrettsgymnas i Bærum. Der etablerte ho seg raskt i toppklubben Asker, og vart med på flyttelasset då klubben vart teken inn under Stabæk.

I løpet av 17 år med fotballspel i Bærum, er det blitt over 300 toppseriekampar, to seriegull og fire cupmeisterskap. Sjølv om ho til sommaren er ferdig utdanna lege, tek ho ein ny sesong med Stabæk.

– Det er ikkje eitt, men mange høgdepunkt. 2013 var ein spesiell sesong då vi vann både serie og cup. Og 2011 då eg avslutta straffekonkurransen og vi vann cupfinalen, seier ho.

Video Grønli avgjorde for Stabæk

SJÅ VIDEO: Siri Nordeide Grønli avgjorde cupfinalen 2011.

– Det å snu seg rundt og sjå ein gjeng glade lagveninner sprinte mot deg, det gløymer du ikkje så lett, seier ho.

Sosialt vesen

Det var utfordrande å kombinere studiane med toppidrett. Noko verre blir det nok ikkje å kombinere legejobb og fotballkarriere.

– Eg skal jo ut i turnusteneste og då er spørsmålet om du får ein stad å vere og kvar. Så får ein ta det frå der. Men lysta er der. Draumen er å fullføre sesongen, seier ho.

– Først og fremst fordi det er moro. Så er eg eit sosialt vesen. Veldig glad i menneske og eg storkosar meg når eg kjem inn i garderoben og møter dei ulike individa som er der, avsluttar Nordeide Grønli.