– Det var ei fantastisk oppleving og kjensla av å skåra var heilt enorm. I kveld blir det fest, seier ein glad matchvinnar.
Det blei ein spennande kamp der Røa leia fortent 1–0ved pause. Stabæk hadde få målsjansar i første omgang, med Røa hadde fleire moglegheiter til å auke leiinga.
Men i 2. omgang utlikna Stabæk på overtid. Dermed var stillinga 1–1 og det var klart for ekstraomgangar. I andre ekstraomgang blei 2–2 og det måtte straffesparkkonkurranse til for å avgjere cupfinalen for kvinner. Etter fem skot frå kvart lag var stillinga 4–4.
Var nervøs
I det sjette straffesparket til Røa bomma dei, og dermed opna det seg ein moglegheit for Stabæk.
Siri Nordeide Grønli frå Høyanger sette ballen sikkert i mål, og dermed er Stabæk cupmeistrar for aller første gong.
– Det var så deilig at det kan nesten ikkje beskrivast. Det var jublande menneske og stor glede, seier ho rett etter kampen.
– Var det mykje nervar før du skulle ta straffesparket?
– Det er klart eg var smånervøs. Men før straffen sa keeper Ingrid Hjelmseth til meg: «Elskar deg uansett». Då tenkte eg at det kom til å gå vegen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under bilete)
Thorsnes skuffa
Over 7600 tilskodarar hadde teke turen til Fornebu for å sjå oppgjeret på Telenor Arena.
Også motstandar Røa hadde ei kvinne frå Sogn og Fjordane på laget. Elise Thorsnes frå Leikanger var involvert i 2-1-målet til Røa i den andre ekstraomgangen. Ho fekk eit kjempeløp og skaut ballen mot mål.
Keeper Ingrid Hjelmset redda, men ballen slo tilbake i ansiktet til midtstoppar Toril Akerhaugen på Stabæk. Ho klarte ikkje å få den unna før den rulla over målstreken.
Thorsnes sette straffesparket sitt sikkert i mål. Etter kampen er ho skuffa skuffa over at det ikkje gjekk vegen for laget sitt.
– Det er sjølvsagt skuffande å ikkje vinne, men har eg to gullmedaljar frå før. Det er greitt med ein sølvmedalje også, trøystar ho seg med og legg til at det nok blir gravøl i kveld.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: