Hopp til innhold
Quiz

Quiz: Kva veit du om norsk fotball?

Vi er i gang med innspurten av den norske fotballsesongen, både for menn og kvinner. Men kva veit du eigentleg om norsk fotball?

Eliteserien fotball 2017: FK Haugesund - Brann (2-3).

BRANN-DUO: Kristoffer Barmen og Lars Arne Nilsen

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

1/15 Tidlegare Manchester United-spiss

5
Foto: Alex Livesey / Getty Images

Kva tidlegare Manchester United-spiss som spelte under Sir Alex Ferguson (biletet) er trenar for eit lag i Eliteserien i dag?

2/15 Tidenes beste

Seriegull 2010
Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Han blir rekna som den beste klubbspelaren i Norge gjennom tidene, med 16 seriemeisterskap og fem NM-gull på CV-en. Kven snakkar vi om?

3/15 Nesten på heimebane

John Carew og Torbjørn Kallevåg
Foto: Heimebane / NRK

John Carew si eigentlege heimebane er på Lørenskog. Men med kva anna lag frå Austlandet vart han cupmeister i 1997?

4/15 God coaching

CUPFINALEN 2009
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Kven sa «coaching i verdensklasse» om sin eigen trenarprestasjon då laget hans vann cupfinalen i 2009?

5/15 LSK Kvinner

LSK Kvinner seriemester
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

LSK Kvinner har for lengst vunne Toppserien. Men kva heiter lagets trenar?

6/15 Supporterar

Kanarifansen
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Kva norsk fotballklubb har ein supporterklubb som kallar seg «Kanarifansen»?

7/15 Fredrikstad-trenar

Fredrikstad stadion
Foto: Sara Vilde Solås/NRK

Kven trenar herrelaget til Fredrikstad i 2.-divisjon i dag, og har mellom anna eit OL-gull frå 2000 på CV-en?

8/15 Bodø/Glimt-profil

Harald Dutte Berg, med sønnene Runar og Arild Berg i bakgrunnen.
Foto: Ola Helness/NRK

Kven var kaptein då Bodø/Glimt vart det første laget frå Nord-Norge som vann NM-gull i 1975?

9/15 John Arne Riise

John Arne Riise
Foto: Helle Fjelldalen / NRK

John Arne Riise er ein av tidenes beste norske fotballspelarar. Han har rekorden for flest norske landskampar (110) og har vunne Meisterligaen med Liverpool (2005). Men kva klubb spelte han seniorfotball for i 1997 og 1998 før utlandseventyret starta?

10/15 Over 100 på rad

Gunn Nyborg
Foto: Dag Langholm / NTB scanpix

Norge sin første a-landskamp for kvinner vart spelt mot Sverige i 1978. Kven spelte både denne og dei 109 neste landskampane for Norge?

11/15 Tidenes mestscorande

Rushfeldt
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Kven vart historisk då han scora hattrick mot Brann 29. mai 2011 og med det vart den mestscorande spelaren på øvste nivå i norsk herrefotball gjennom tidene?

12/15 Dominerte på 90-talet

FOTB OERN GULBRANDSEN 2
Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Kanskje var dei ikkje like dominerande som Rosenborg, men dette kvinnelaget var svært gode på 90-talet då dei vann serien fire gonger og NM seks gonger. Kva lag snakkar vi om?

13/15 Kaptein og målscorar

Gro Espeseth
Foto: Calle Törnström / SCANPIX

I 1995 var det derimot ikkje Trondheims-Ørn som vann cupen, men Sandviken. Dei slo nettopp Trondheims-Ørn 3-2 etter ekstraomgangar. Ho som scora to av Sandviken sine mål var også kaptein i finalen då Norge vann VM same år. Kva heiter ho?

14/15 Lars Arne Nilsen

Lars Arne Nilsen
Foto: Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal / NRK

Lars Arne Nilsen kjempar i haust om edelt metall med Brann i Eliteserien. Men om Brann tek gullet heim blir eventuelt ikkje det Nilsen sin første store triumf som norsk klubbtrenar. Kva klubb leia han til NM-gull i 2012?

15/15 Ikkje lenger i toppen

LYN - VÅLERENGA (1-2) (1. runde NM fotball)
Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

Dette norske fotballaget vart kasta ut av 1.-divisjon i 2010. Dei spelar i dag på nivå fire. Men historia til dette Oslo-laget er flott med to seriegull og åtte cupgull. Kva lag snakkar vi om?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.