Hopp til innhold

Ny lov for vindkraft skal sikre kommunane «vetorett»

Regjeringa vil endre konsesjonssystemet for å overføre meir makt til vertskommunane. Kraftkommuner undrar seg over den korte høyringsfristen.

Haramsfjellet vindkraft

MARSJORDRE FRÅ STORTINGET: Det nye lovforslaget følgjer opp oppmodingsvedtak frå Stortinget om at nye vindkraftutbyggingar skal overførast frå energilova til i plan- og bygningslova.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Regjeringa sende fredag ut eit forslag om å endre energilova og plan- og bygningslova. Motivasjonen er å gje kommunane større makt i vindkraftsaker.

– Vi vil gi lokale folkevalde meir kontroll. Auka involvering av kommunar og lokalsamfunn er nødvendig for å gi legitimitet til desse prosessane, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Høyringsfristen for forslaget er 27. februar, og målet er at dei nye reglane skal kunne gjelde frå i sommar.

Lovforslaget følgjer opp eit oppmodingsvedtak frå Stortinget om at nye vindkraftutbyggingar skal overførast frå energilova til i plan- og bygningslova.

muntlig spørretime

– Auka involvering av kommunar og lokalsamfunn er nødvendig for å gi legitimitet til desse prosessane, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eit langstrekt land som Noreg har nok natur

Vedtaket kom etter tverrpolitisk semje om at det var nødvendig med «grundigare prosessar» og større lokal medverknad i spørsmålet om vindkraft.

Den same erkjenninga gjorde at vindkraftutbygginga vart sett på vent i 2019.

I fjor varsla likevel statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at tida var inne for å starte opp at. Bakom song framskrivingar for straumbruk og ein anstrengd kraftsituasjon.

– Eg vel å tru at eit langstrekt land som Noreg har nok natur til at vi kan gjere dette på ein skånsam måte, sa han til NRK.

Les også Pausen er over – no vil regjeringa ha meir vindkraft på land

Haramsfjellet vindkraft

Jenny Følling (Sp) er ordfører i Sunnfjord, som denne vinteren skal ta stilling til ein mogleg vindpark på Høyangerfjellet.

Det er positivt at det kjem lovendring som gir kommunane ei hand på rattet i vindkraftsaker, seier ho.

Men eg er undrande til den korte høyringsfristen. Staten har brukt to år på dette, og kommunane får halvannen måned høringsfrist.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), seier til NRK at han undrar seg over det same.

Åslaug Haga - vindkraft

– Vi vil gi lokale folkevalde meir kontroll, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: William Jobling / NRK

Produksjonsavgift og grunnrenteskatt

Fleire grep har det siste året vert gjort for å involvere og kompensere kommunane som stiller naturressursar til rådvelde.

  • I 2022 vart det innført ei produksjonsavgift som fell til vertskommunane. Frå 2023 er ho sett til 2 øre per kWh.
  • Vidare er det innført grunnrenteskatt for landbaserte vindkraftverk frå 2023.

I dag hovudregelen at kommunane gir løyve til vindkraft i etterkant av at prosjektet har fått konsesjon.

I lovforslaget til regjeringa vil arealbruken bli avklart etter plan- og bygningslova – før det blir gitt konsesjon.

Les også Freistande vindkraft-planar set ordføraren i «ein helvetes spagat»

Høyanger

Enkelt forklart: Reguleringa av vindkraftutbyggingar blir overført frå energilova til plan- og bygningslova (der kommunestyret har siste ord).

– Tidlegare har kommunane risikert at prosjektet dei seier ja til blir endra før det blir bygd, slik at det til dømes endar med høgare turbinar enn dei trudde. Det rettar vi opp i, seier Gjelsvik.

Vindkraft på Roan, Fosen, turbiner,

–​​​​​​​ Det er positivt at det kjem lovendring som gir kommunane ei hand på rattet i vindkraftsaker, seier Jenny Følling (Sp), som er ordfører i Sunnfjord.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Vi må styrkje kraftbalansen

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) legg til at det overordna målet er å leggje til rette for meir utbygging av vindkraft – «for å styrkje kraftbalansen og nå dei nasjonale klimamåla».

– No flyttar vi makt til kommunane. Dette vil gi meir føreseielege rammer og bidra til å redusere konfliktnivået i vindkraftsaker.

NVE forventar ein auke i kraftforbruket i Noreg på 36 TWh fram mot 2040.

I Hurdalsplattforma skriv Støre-regjeringa at dei vil «sikre at lokalsamfunn som stiller naturressursar til disposisjon får meir att for det».

Olje- og energiminister Terje Aasland pressekonferanse om rammevilkår for utbygging av havvind på Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord

– No flyttar vi makt til kommunane, seier Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ei avklaring vi har venta lenge på

Direktør i Cloudberry Clean Energy, Andreas Thon Aasheim, kallar lovforslaget «ei viktig avklaring for kommunar og vindkraftbransjen».

Dette er ei avklaring vi har venta lenge på. Kommunane får no formalisert den uformelle vetoretten dei har hatt.

Han seier det er positivt at arealprosessen skal gå parallelt med konsesjonsprosessen, «men det kan bli utfordringar knytt til lange periodar mellom revisjon av kommuneplanens arealdel».

Vi håpar fleire kommunar no går gjennom areala sine, og vurderer kvar vindkraft kan vere aktuelt, og ikkje minst der det er uaktuelt. No vil vi studere forslaget til Regjeringa meir i detalj, og så håpar vi at Regjeringa lyttar til bransjen og innfører ein nøytral grunnrenteskatt for nye prosjekt, slik at det blir mogleg å realisere nye vindkraftprosjekt i dei kommunane som ønskjer meir kraft.