Hopp til innhold

Satsar på OL-medaljar i gjennomsiktig drakt

Dei norske triatlon-utøvarane håpar at ei nyutvikla drakt skal hjelpa dei til OL-medalje i Tokyo-varmen. – Folk kjem til å snu seg.

Kristian Blummenfelt

VÅTT OG TETTSITJANDE: Den nye drakta til Kristian Blummenfelt og resten av det norske triatlon-laget skjuler lite når ho er våt.

Foto: J.Micthell/Trimtex

Då dei olympiske leikane starta fredag, var det over 30 grader celsius i Tokyo. Ein russisk bueskyttar svima av i heten. Men triatlon-utøvarane frå Noreg satsar på at dei kan ta vêret i Japan cool. Dei har fått utvikla sitt eige våpen mot overoppheting.

– Folk kjem til å snu seg litt og sjå. Det er jo ein gjennomsiktig drakt, men dei private områda er skjerma med svart dekke på brystet og i skrittet.

Det seier Lotte Miller frå Bryne. Ho og tre menn frå Bergen utgjer den norske OL-troppen i triatlon.

– Ikkje ubehageleg

Denne idrettsgreina er ein multisport med symjing, sykling og løping i same konkurranse.

Etter symjeetappen betyr det at nordmennenes drakter kjem til å vera ekstra gjennomsiktige når dei startar på løpeetappen.

– Det er ikkje noko som skremmer meg. Eg tenker ikkje at det er ubehageleg å ha ei slik drakt. Det viktige er at den er optimalisert så godt som mogleg, seier Miller.

Nokon vil kanskje meina at drakta er vel dristig. Dei andre på det norske laget vurderte på eit tidspunkt å ha badebukse under. Det ville ikkje Gustav Iden.

– Eg byr på det eg har, sa han til BT i juni.

Klimatilpassing

Men poenget med det flortynne tøyet er ikkje at det skal sjå ut som ei nudiststrand når utøvarane kjem opp av vatnet.

Norges triatlonforbund har i samarbeid med sportsleverandøren TrimTex utvikla drakta for å vera best mogleg rusta til å tola klimaet i Tokyo.

Mellom anna er drakta halvparten av vanleg vekt, og kvitfargen reflekterer varme bort frå kroppen.

– Det er viktig med ei drakt som ikkje hindrar kroppen å handtera varme, men heller er med og hjelper kroppen å kvitta seg med overskotsvarme.

Det seier Ole Aleksander Bu. Han er leiar for innovasjonsprosjekt i triatlonforbundet/Olympiatoppen, og har jobba tett med utviklinga av drakta.

– Dette handlar berre om marginalt forbetra prestasjon. Likevel, kan det nettopp vera med på å avgjera ein sluttspurt i Tokyo.

Gustav Iden og Kristian Blummenfelt,

GJENNOMSIKTIG: Gustav Iden testar drakta i reinaste «wet t-skirt»-stil, med Kristian Blummenfelt like bak i ei meir tradisjonell drakt.

Foto: J. Mitchell/Trimtex

– Ei god kjensle

Kristian Blummenfelt er moglegvis det største norske OL-håpet i triatlon.

– Det gir ei god kjensle å vita at ein har marginane på si side også når det gjeld drakta, seier han.

Iden fortel at mange andre land har hatt tilsvarande draktprosjekt fram mot OL.

– Eg har sett at Spania og fleire har drakter med litt av det same konseptet med kvit drakt. Eg trur likevel vår er endå betre enn andre. Likevel, drakta er berre ein liten del av det heile, seier Iden.

Drakta kan styrka prestasjonen til det norske laget.

– Me skal konkurrera i to timar. Sjølv om drakta ikkje kjøler oss av, så trekker den i alle fall ikkje til seg varme. Kvar margin tel, spesielt i denne varmen, så eg trur det kan vera ein kjempefordel, seier Miller.

Bismak

I tillegg til dei tre nemnde, er også Casper Stornes med i troppen. For alle utanom Blummenfelt er dette deira første OL. Mennene konkurrerer 26. juli, kvinnene dagen etter.

Sjansane for norsk medalje i triatlon er store. Dersom det går veldig bra med nordmennene i gjennomsiktig drakt, kjem suksessen med ein liten bismak for ein av bidragsytarane bak drakta.

– Me har eit veddemål: Viss me får to på pallen, må kjernetemperaturen deira på målstreken bli tatovert på rumpa mi. Og får me tre på pallen, skal dei barbera hovudet mitt i same slengen, fortel Ole Aleksander Bu.