– Kjære vene, vi prøver å få med oss alt. No vart eg nesten litt raud i toppen. Dette er pinleg og flautt, seier leiar for Oslo idrettskrins, Sveinung Oftedal.
Onsdag feira Oslo kommune idretten, og i den samanhengen heidra dei Oslo-borgarane som tok medaljar i 2021. Dermed vart profilar som Ragne Wiklund, Simen Hegstad Krüger, Heidi Weng og Jarl Magnus Riiber hylla for medaljane sine.
BEVISET: Eivind Henriksen med sølvmedaljen frå Tokyo rundt halsen.
Foto: Lise Åserud / NTBMen det var éin utøvar som vart gløymt i den samanhengen. For på oversikta finn ein ikkje sleggekastar og OL-fenomen Eivind Henriksen.
– Vi brukar å vere veldig flinke til å gå gjennom. Administrasjonen i krinsen går gjennom alle meisterskapar og finn ut kven som vinn medaljar. Det brukar å vere ganske vasstett, men no har vi gjort ein glipp, vedgår Oftedal.
– Kjipt å bli gløymt
Leiaren av idrettskrinsen forklarer at kvart enkelt særforbund vanlegvis sender inn lister over medaljørar frå Oslo, men at dei ikkje fekk ei slik liste frå friidrettsforbundet i år.
– Vi burde fange det opp sjølve når det er ein så profilert medalje, men det klarte vi ikkje. Det er ikkje godt nok. Men prestasjonen blir ikkje noko mindre og han skal heidrast for ein fantastisk OL-prestasjon, lovar Oftedal.
Henriksen sjølv er på treningsleir i Portugal og har ikkje fått med seg at det var ei slik markering av idretten i Oslo.
– Eg fekk meldingar frå fleire kompisar som skulle dit og som lurte på om eg skulle, men at det skulle vere noka markering hadde ikkje eg høyrt noko om, fortel OL-helten til NRK.
– Det er kjipt å bli gløymt, men sånn er det berre. Det hadde vore hyggjeleg å bli heidra og ikkje minst å heidre dei andre utøvarane som leverte gode prestasjonar i fjor, seier han.
DUMT: Byråd Omar Samy Gamal håper å heidre Henriksen ved eit anna høve.
Foto: Terje Pedersen / NTBByråd for kultur, idrett og frivillegheit i Oslo, Omar Samy Gamal, meiner det er synd at Henriksen ikkje fekk den heideren han meiner OL-sensasjonen fortener.
– Det er veldig hyggjeleg å kunne feire Oslo-idretten på rådhuset og dumt at nokon vart gløymde. Eg skjønner godt at idretten synest det er litt flautt. Sølv i sommar-OL er jo ein veldig kul prestasjon. Eg håper vi får moglegheita til å gratulere Eivind Henriksen ved eit anna høve, seier Gamal til NRK.
– Veldig synd
Den norske sleggekastaren tok OL-sølv i Tokyo, og slo den norske rekorden heile fire gongar i løpet av OL-finalen.
No ønskjer idrettskrinsen å gjere opp for seg.
– Det vil bli korrigert med ein gong og han vil få heider og ære. Det vart oppdaga på rådhuset og vi er i dialog om korleis vi skal rette opp feilen. Det er veldig synd at han vart gløymd. Eg roterte sjølv i sofaen då han tok OL-sølv. 2021 var eit veldig godt idrettsår og han var kanskje den største overraskinga vi hadde.
Likevel vart han altså ikkje nemnt i markeringa i Oslo.
– Folk gjer feil, men det er kjedeleg for meg. Eg kjenner eg hadde ein av dei største prestasjonane i Oslo-idretten i fjor, så eg burde vore hugsa – meiner eg i alle fall, seier Henriksen.
For han er ikkje eigen heider og ære det viktigaste, men heller det å hylle andre kollegaer som har levert store prestasjonar det siste året.
– Eg kjenner jo ein del utøvarar som var der, og det hadde vore fint å vere ein del av den gjengen som har levert så bra. Det hadde òg vore hyggjeleg å vere med å heidre juniorutøvarane som har gjort det bra, og som får delt ut stipend. Det er viktig for dei, seier sleggekastaren.