Hopp til innhold

Over 600 mjølkebønder vil selje kvoten – Anders (34) har brukt millionar på nytt fjøs

FJÆRLAND (NRK): Medan norske mjølkebønder nærast står i kø for å legge ned, satsar den unge sognebonden vidare med nytt bygg og ein årskvote på ein halv million liter mjølk.

Anders K. Mundal

SATSAR: Bonde Anders K. Mundal i Fjærland, kunne i helga opna ein ny fjøs. Han vel å satse vidare på mjølk, medan over 600 bønder har sagt frå at dei vil selje kvoten si.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det viser seg at prisen på utkjøpskvotar frå staten var litt høg, slik at gulrota for å selje kvoten sin kanskje har blitt i overkant stor, seier bonde Anders K. Mundal. i Fjærland i Sogn.

I fjor blei det bestemt at Norsk mjølkeproduksjon skal kuttast med 100 millionar liter i året. Årsaka er mellom anna fjerninga av eksportstøtta til Jarlsberg-ost, og dermed mindre osteproduksjon. I tillegg drikk vi nordmenn stadig mindre mjølk. Kutta i mjølkeproduksjonen er venta å gje eit samla tap på opp mot 1 milliard kroner.

Det har ført til at over 600 bønder, 126 av dei i Vestland fylke, har meldt si interesse til å selje mjølkekvotane sine til staten.

Desse kvotane blir ikkje selde vidare til andre bønder.

Trass i desse nedgangstidene for norske mjølkebønder, satsar den unge bonden frå Fjærland alt han har på ein ny kjempefjøs på 2200 kvadratmeter.

Millionar står på spel, men sogningen er klar på at han aldri var i tvil.

– Eg føler meg som ein bonde, er fødd som bonde og har tenkt å vere bonde uavhengig av kva omverda gjer, seier Anders K. Mundal (34).

Fjøsen til Anders K. Mundal i Fjærland

MOT STRAUMEN: Samtidig som at rekordmange gårdbruk vil legge ned seg, ønskjer fleire storbruk å utvide. Den nye lausdriftsfjøsen i Fjærland rommar 2200 kvadratmeter.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Prisen på utkjøpskvotar for høg

For hjelpe bønder økonomisk i overgangsfasen skal staten bidra med 200 millionar kroner. Der totalt 40 millionar liter, fordelt på ulike regionar, skal kjøpast ut. Tal frå landbruksdirektoratet syner at nærare det dobbelte av kvoten for region vest er meldt inn for sal.

Mundal trur rammeavtalen, og omstenda rundt, har gjort at tilbodet om utkjøp blir i overkant freistande for mange.

– Det førte til at det blei stor oppslutnaden om å selje kvoten sin. Isolert sett er det jo litt synd.

Fjøsen til Anders K. Mundal i Fjærland

NY HEIM: I kontrast til andre gardsbruk som legg ned, aukar Mundal satsinga. I den nye storfjørsen vil det verte produsert 550.000 liter mjølk årleg.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sjølv om mange ønsker seg ut, er bonden klar på at det er viktig å tilpasse seg marknadsetterspørsel på best mogleg måte.

– Det er ikkje hyggeleg for næringa, men eg trur det diverre det må til. Vi kan ikkje leve med at det blir produsert meir enn marknaden spør etter, seier han.

Bondelaget: – Mange ser seg ikkje som ein del av framtida

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, fortel at Mundal ikkje er den einaste storbonden som torer å satse på storfè og mjølkeproduksjon. Han er meir bekymra over mindre gardsdrifter, som ikkje lenger har trua på at det lønnar seg å halde fram.

– Det har aldri vore så mange som vil kjøpe seg ut. Dei har for små ressursar til å vere med som ein del av framtida, fordi investeringsordningane ikkje er gode nok til at dei kan satse.

Anders Felde

LEIAREN: Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Dei som vil halde fram må også gjere investeringar før 2034, når det blir krav om lausdrift i alle fjøsar. Det kostar pengar. Felde meiner at nye ordningar må til, for å hjelpe også mindre gardsbruk til å tilpasse seg endringane som kjem.

– Då er det opp til oss i landbruket å få med oss politikarane på å lage ei framtid for desse mjølkebruka i distriktslandbruket. No er det mange som ikkje ser seg sjølv som ein del framtida.

Har lagt grunnlaget for neste generasjon

Nedgangstider til trass; i Fjærland kjenner Anders K. Mundal seg trygg på at han bygt seg ei framtid.

Håpet er at nokon i neste generasjon ein dag vil ta over.

– Dette er ei investering for framtida som eg håpar skal gi avkastning, seier tobarnsfaren.

Storfjøs-opning i Fjærland

FRAMTIDA: Anders Mundal håpar satsinga vil gje avkasting til framtida. Her frå opninga i helga der Johanne (snart fem år) fekk klippe tråden. Mamma Grete Karin og Knut (3) følgjer med.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum