Hopp til innhold

Sandviken tok nok ein skalp: 4-0 i lokalderbyet på Brann stadion

Bergensarane kranglar enno om Bybanen til Åsane. Men ein ting er sikkert: Sandviken-toget verkar umogeleg å stoppa. Fire baklengsmål var det som vart med heim til Arna stasjon i dag.

Gaupset skårar for Sandvken

MÅL: 16 år gamle Signe Gaupset skåra eit praktmål i sin debut for Sandviken.

Foto: Odd Løvset / Fotballkollektivet

– Det er forskjell på laga. Spelarane våre er veldig gode, og me skårar relativt tidleg i tillegg, seier Sandviken-trenar Alexander Straus.


Då Arna-Bjørnar møtte Sandviken i juni, vart det uavgjort. Den gong fekk ikkje Sandviken inn det tidlege målet, som Strauss meiner forklarar delar av sigeren i dag.

– Då får me kontroll på kampen, og forskjellane blir større og større utover. Me føler oss ikkje på nokon måte trua i andre omgang, seier trenaren.

Etter at Sandviken vann over Vålerenga mot spelets gang sist helg, ville ikkje Straus spekulera i om ligagullet var på veg til Bergen.

– Medalje er innan rekkevidde, seier han no.

– Men det er heilt uvesentleg. Me skal spela cup neste helg, og det blir utruleg viktig for oss, seier Straus

Sandviken-Arna-Bjørnar på Brann stadion 04.09.21

KAPTEIN: Sandviken-kaptein Tuva Hansen i duell med Madeleine Veivåg.

Foto: Odd Løvset / Fotballkollektivet

16-åring skåra i debuten

Etter ein relativt jamn start på kampen, vart Sandviken-spiss Elisabeth Terland felt i boksen i det 25. minutt. Marit Bratberg Lund sette straffa iskaldt nede i venstre hjørnet.

Sju minutt seinare var det den 16 år gamle Sandviken-debutanten Signe Gaupset sin tur til å finna nettmaskene, med ei kanon frå 20 meter.

Vel ti minutt etter pause sette også førre helgs helt, Lisa Naalsund, inn eit mål for Sandviken. Frå 18 meter fekk ho fyrt av eit skot med venstrefoten, ned i lengste hjørnet.

Sandvikens siste mål kom seks minutt før slutt. Då var det Marthine Østenstad som avslutta frå 18 meter. Med eit lågt skot lirka ho ballen i mål via stolpen.

Med det tok Sandviken sin åttande seriesiger på rad. Framleis leier dei Toppserien med sju poeng meir enn Rosenborg, som rett nok har ein kamp mindre spelt. Arna-Bjørnar ligg framleis på 5. plass på tabellen. Derifrå er det sju poeng ned til kvalikplass.

– Eg trur me skal gløyma sjå på fødselsattesten, og heller sjå på jenta. Ho er ikkje som andre 16-åringar, med ekstremt positive forteikn, seier Sandviken-trenar Straus om Signe Gaupset.

– Ho kjem til å bli eksepsjonelt god.

Bratberg Lund skårar straffe for Sandviken

STRAFFE: Marit Bratberg Lund på veg til å setja kampens fyrste mål bak Arna-Bjørnar-keeper Moa Edrud.

Foto: Odd Løvset / Fotballkollektivet

Prøvde same taktikk som sist

– Me prøvde det me kunne, men i dag nådde me ikkje heilt opp. Etter kvart vart det ein fortent siger til Sandviken, konstaterer Øyvind Nordtveit, Arna-Bjørnar sin trenar.

I dagens kamp prøvde dei å gjera det same som dei gjorde då dei spela uavgjort mot Sandviken i slutten av juni. Då tetta dei igjen bak, og kom seg inn i kampen att på overgangar og dødballar.

– Me lukkast med det fram til straffen. Eg synest det er ganske brutalt å dømma straffe i ein slik situasjon. Sandviken hadde aldri kunna oppnådd noko i den situasjonen, og får på ein måte straffe ut av ingenting, seier han.

Nordtveit er nøgd med viljen laget viste, og at dei spelte slik dei hadde avtalt.

– Og så må me berømma Sandviken for å ha den kvaliteten. Det var tre vanvittig fine langskot dei skåra på, seier Nordtveit.

Fyrste gong på Brann stadion

Laurdag bytte Sandviken ut Stemmemyren med Brann stadion, for fyrste gong i Toppserien.

Sandviken og Sportsklubben Brann har nemleg planar om å bli ein og same klubb frå 2022.

Sandviken sette ny publikumsrekord under oppgjeret. Tidlegare var 1235 deira tilskodarrekord i Toppserien. 1767 personar såg kampen på Brann stadion, melder NTB.

– Det viser at interessa for Toppserie-fotball i Bergen er stor, sa daglig leder i Brann, Vibeke Johannesen, i ei pressemelding på brann.no fredag. Då var det seld 1400 bilettar.

– Det var ei vanvittig fin ramme rundt kampen, og eit flott arrangement. Det er noko kvinnefotballen verkeleg fortener, seier Arna-Bjørnar-trenar Nordtveit etter kampen.