Hopp til innhold

Mot spelets gang vann Sandviken sin sjuande seriekamp på rad: – Eineståande

Sandviken tok nok ein skalp, men sigeren var langt frå enkel. – Desse kampane er definerande for kven me er, seier ein rørt Sandviken-trenar.

Sandviken feirar sigeren borte mot Vålerenga

TOPPEN AV TABELLEN: Sandviken vann 1-0 borte mot Vålerenga, og byrjar å få ei stor luke på toppen av tabellen.

Foto: Javad M. Parsa / NTB

– Det er noko med desse jentene. Dei er heilt eineståande, seier Sandviken-trenar Alexander Straus.

Det var ikkje sjølvsagt at serieleiar Sandviken skulle gå av bana med tre poeng mot fjorårets cup- og seriemeister Vålerenga i laurdagens Toppserie-kamp.

Men etter ein hard og jamspelt kamp, skåra Lisa Naalsund for gjestane i det 79. minutt, nesten litt ut av det blå.

– Me blir pressa, er ganske bakpå og heng litt i taua då. Me har trøbbel i dag, men dei er så solide og har ein slik offervilje, seier Straus.

I dag må me heilt ned i jordkjellaren og grava. Men dei gjer det, og så har me nok kvalitet til å gå opp og avgjera kampen.

Toppserien: Vålerenga - Sandviken

MÅL: Lisa Naalsund lurte ballen i nettet i kampens 79. minutt.

Foto: Javad M. Parsa / NTB

– Dette me trenar for

Sandviken-kaptein Tuva Hansen var klar på at kampen mot Vålerenga var den jamnaste dei har hatt i år. Ho legg ikkje skjul på at det var godt å ta sigeren.

– Det var dritdeilig. Det er dette me trenar for kvar einaste dag, seier Hansen.

Målskårar Lisa Naalsund seier at skåringa hennar omtrent kom ut av det blå.

– No har jo me den luka til Vålerenga, og kanskje kasta dei ut av gullkampen.

Det betyr litt?

Det er heilt gull det.

Naalsund vart kåra til banens beste spelar, og fekk difor dela ut 10.000 kroner til ein breiddeklubb. Dei gav ho til moderklubben Tertnes.

– Dei har mykje av takka for at eg er den spelaren eg er i dag, seier Naalsund.

Jubel for Lisa Naalsund (nr to fra v.), som scora Sandviken sitt mål borte mot Vålerenga

MATCHVINNAR: Lisa Naalsund (nr. 2 frå venstre) scora kampens einaste mål.

Foto: Javad M. Parsa / NTB

– Me gjer ein riktig fin andre halvdel

Vålerenga-trenar Jack Majgaard Jensen, er klar på at laget hans gjorde ein god andre halvdel.

– Me gjer ein riktig fin andre halvdel. Og så skjer det ein tilfeldigheit, og så skårar dei, seier Majgaard Jensen.

– Og så har me ikkje hellet me treng i dag for å vinna kampen.

Han meiner Vålerenga har hatt ei god utvikling i det siste.

– Alle som ser kampen ser at det er ein svært lik kamp.

Vålerenga-kaptein Stine Ballisager Pedersen er også nøgd over laget sin innsats.

– Fotball er av og til marginar. Dei får skåra på ein sjanse. Me hadde også fleire sjansar me kunne skåra på.

Er de litt ute av gullkampen?

– Det er ikkje noko eg tenkjer over, me tar ein kamp om gangen, seier Ballisager Pedersen.

Vil ikkje snakka om seriegull

Sigeren over Vålerenga er den sjuande seriekampen Sandviken vinn på rad. Med det har dei 34 poeng, og ligg sju poeng framfor Rosenborg, den neste klubben på lista.

Men kor vidt seriegullet no byrjar å koma i hamn for Sandviken, vil ikkje trenar Straus spekulera for mykje i.

– Me kjem til å vera med (i kampen om seriegullet, journ. anm), det er ingenting anna som tilseier det. Men det er ikkje det som er fokuset, det er kampen mot Arna-Bjørnar som er.

Neste laurdag skal nemleg Sandviken og Arna-Bjørnar møtast til lokaloppgjer. Kampen skal spelast på Brann Stadion. Fleire kampar på Stemmemyren, Sandviken sin heimebane, har vore utselt tidlegare i år.

– Me er så glade for at me får denne kampen på Brann Stadion. Det er eit stort løft for spelarane, og endeleg kan me samla mange tilskodarar på kamp, har marknads- og medieansvarleg Mette Hammersland i Sandviken tidlegare uttalt til brann.no.