Hopp til innhold

Arna-Bjørnar hamnar i skuggen av Brann etter namnebyte

Arna-Bjørnar har fått kjenna på Brann-feber i Bergen etter at Sandviken skifta namn. – Eg høyrer i gangane her at det er litt frustrasjon, seier Ida Norstrøm.

– Det er ikkje ei fotballinteresse i Bergen. Det er Brann-interesse i Bergen, seier Bjarne Haugen, trenar for Arna-Bjørnar.

Han leiar eit fotballag som har hamna heilt i skuggen etter at byrival Sandviken blei Brann.

Med namnet Brann kjem fleire ting på kjøpet: I tillegg til at Sandviken blei ein del av ein stor klubb med eit stort sportsleg apparat, følgjer det med ein ivrig supporterklubb: Bataljonen.

Bjarne Haugen, Arna-Bjørnar

Trenar for Arna-Bjørnar, Bjarne Haugen.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

For fire år sidan var Arna-Bjørnar eit medaljelag i Toppserien, framfor Sandviken. No er dei forbipasserte av rivalen.

Øvst på tabellen ligg Brann, med 28 poeng på ti kampar. Nest nedst ligg Arna-Bjørnar, som har ein kamp mindre spelt, men berre seks poeng.

Arna-Bjørnar historisk sett vore eit sterkt lag, og enda på ein imponerande 6.-plass i debutsesongen i 1997.

Likar ikkje å bli bua på

Målvakta til Arna-Bjørnar meiner namnebytet ikkje er så nøye, så lenge dei blir slått.

– Om dei heiter Sandviken eller Brann spelar ikkje nokon rolle. Det er ein klubb me har lyst til å slå uansett kva dei heiter, seier Ida Norstrøm.

Ida Norstrøm, Arna-Bjørnar

Målvakt på Arna-Bjørnar, Ida Norstrøm

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Likevel har dei merka skilnaden.

– Eg høyrer i gangane her at det er litt frustrasjon. Brann er jo eit stort namn, så det er mykje fokus på dei, seier Norstrøm.

Lagkamerat og angrepsspelar Linnea Laupstad tykkjer det er stas med tilskodarar når dei spelar, men kunne tenkt seg andre tilrop.

– Det er ikkje så veldig artig når dei berre ropar «buuu» og heier på Brann, seier Laupstad.

Linnea Laupstad

Linnea Laupstad tolerer tilrop, men set ikkje pris på det.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svdal

Håpar rivaliseringa dreg fleire til Bergen

At det er rivalisering mellom Arna-Bjørnar og Brann (Sandviken) er ikkje noko nytt.

Sportssjef Erik Mjelde håpar dei òg kan dra nytte av Brann sitt inntog i Toppserien.

– Når dei er Brann, så kanskje dei fangar ein større marknad enn dei gjorde då dei var Sandviken. Kanskje kan dei vera med på å få enda fleire spelarar til Bergen, og me kan dra enda større nytte av det, som ein utviklingsklubb, seier Mjelde.

Sandviken er ikkje det første laget som skiftar namn og blir ein del av ein klubb frå herrefotballen.

Team Strømmen blei LSK Kvinner i 2010, og Trondheims-Ørn blei Rosenborg i 2020.

Les også Hyllar stemninga på desse kampane: – Dette har vi aldri sett i Toppserien før

Stor stemning på Stemmemyren i Bergen, rødkledte Brann-spillere jubler foran fullsatt tribune med fans