Hopp til innhold

Sandviken vann sitt første seriegull - det kan bli det siste

– Viss Brann får ein del av den vinnarmentaliteten som Sandviken har, så er Brann svinaktig heldig, seier bergensordførar Rune Bakervik.

Sandviken Toppfotball - Klepp i Toppserien

MÅLFEST: Sandvikens Guro Bergsvand skåra to av åtte mål under toppseriekampen mellom Sandviken og Klepp på Stemmemyren søndag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Søndag vann Sandviken gull i toppserien, ei veke etter å ha tapt gullet i cupfinalen.

Men etter tiår som ein av bastionane til kvinnefotballen, er Sandviken som kvinneklubb i toppfotballen no ferdig.

11. november vedtek truleg årsmøtet i idrettslaget Sandviken å slå saman toppfotball-avdelinga med Sportsklubben Brann.

Før helga gjekk eit ekstraordinært årsmøte i Sandviken Toppfotball inn for å løyse opp allianseavtalen med eige idrettslag.

– Å avslutte med gull er det beste som kunne skjedd. Det er rørande. Gullet e' heme, seier Sandviken-spelar Ingrid Ryland.

– Uansett kva som skjer framover er vi historiske, seier Tuva Hansen.

– Det blir ein veldig spennande reise. Vi kan nå langt, for vi har ei sinnssjukt god gruppe med spelarar og trenarteam, seier spelar og målgrossist Maria Brochmann.

Sandviken feirer seriegullet
Foto: Marthe Hagelien / NRK
Konfettien gikk til himmels under banketten i Bergen i kveld.

Gler seg til å bli med i Brann

Eit gullvinnande kvinnelag kan komme godt med for Brann, som risikerer å rykke ned i 1. divisjon på herresida.

– Det har skjedd noko siste åra med kvinnefotballen, og ein er heilt avhengig av å vere del av dei store klubbane, for det famnar breiare, seier NRKs fotballekspert Carl Erik Torp.

MÅLFEST: Se alle Sandviken-målene.

Medieansvarleg Mette Hammersland seier at overgangen til Brann vil gi både spelarane og dei tilsette ein enno betre kvardag.

– Det gler vi oss veldig til. Det er ting som må forbetrast, og det vil vi få god hjelp til når vi går til Brann.

Hovudtrenar Alexander Straus meiner overgangen er heilt nødvendig for å kunne ta det neste steget.

– Vi skal vakse vidare. Då er vi avhengige av det, elles blir dette eit eingangstilfelle, seier Straus.

Sandviken Toppfotball - Klepp i Toppserien

SIGER: Det fyrste seriegullet vart også det siste for Sandviken.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Skortar mest på skikkeleg tribunekultur

Bataljonen, supporterklubben til Brann, står klar til å ta imot Sandviken-støttespelarane til det som truleg vil bli ein klubb med to A-lag i dei øvste divisjonane, om ikkje mennene ryk ned.

– Det er viktig for Brann å bli ein klubb for alle og ikkje berre den eine halvparten av befolkninga, seier supporterleiar Erlend Ytre-Arne Vågane.

Neste år skal det som førebels heiter Sandviken heilt til Champions League, utan at det så langt har skapt like stor folkefest som når eit herrelag vinn cupar og eliteseriar.

Vågane seier dei må bruke vinteren på å bygge det ein kanskje manglar mest i kvinnefotballen: supporterkultur.

– Det er tatt enorme store steg sportsleg og organisatorisk, men å bygge opp større ramme rundt kampane og ein skikkeleg tribunekultur, det er nok der det skortar mest, seier han.

PUBLIKUM: Jubel for Sandviken som vart noregsmeistrar. 1150 menneske møtte opp.

PUBLIKUM: Jubel for Sandviken som vart noregsmeistrar. 1150 menneske møtte opp.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Unge jenter kan drøyme om toppnivå

Både Vågane og Torp meiner det blir viktig for Brann å tilby eit kvinnelag på toppen.

– All mogleg respekt til Sandviken, men Brann er i ei særstilling i Bergen. No kan unge jenter drøyme om å spele på toppnivå i Brann. Det er noko heilt spesielt, seier Vågane.

– No er det veldig mange talent som vil satse vidare for å nå dei draumane, seier Torp.

– Brann er svinaktig heldig

Bergensordførar Rune Bakervik (Ap) meiner Brann er heldig om dei får Sandviken med seg.

– Viss Brann får ein del av den vinnarmentaliteten som Sandviken har, så er Brann svinaktig heldig, seier han.

– Det er ikkje så mykje merksemd rundt dei som det kunne vore?

– Nei, men det kjem. I Champions League skal dei kanskje møte Barcelona. Då må bergensarane kjenne sin gjestingstid, komme seg på stadion og verkeleg heie på det som då blir Brann, men dei har Sandviken-ånden med seg, seier Bakervik.

Sandviken-trenar Alexander Straus understreker at dei «tiggar ikkje om interesse».

– Desse jentene er så gode og leverer slik underhaldning at om folk hadde gnidd seg litt i augene hadde dei sett masse god fotball her ute. Vi må berre levere slike prestasjonar igjen, så trur eg interessa kjem, seier han.

Sandviken Toppfotball - Klepp i Toppserien

JUBEL: Framover blir det Brann Stadion som skal vere heimen til landets beste kvinnelag.

Foto: Marit Hommedal / NTB