Hopp til innhold

Samtidig som Ingrid jobba med ein TV-serie om demens, fekk faren sjukdommen

Nå etterlyser programleiar Ingrid Gjessing Linhave ei betre demensomsorg, der både den sjuke og dei pårørande blir betre tatt vare på.

Pappa Einar og Ingrid smiler til kamera

PAPPA EINAR (85) OG INGRID (45): – Nå handlar det om å fylle livet hans med flest mogleg gode augneblink, nærleik, smil og latter, seier Ingrid Gjessing Linhave.

Foto: Privat

– Det er veldig tungt for eit menneske å få demens. I tillegg er dette ein sjukdom som snur totalt opp ned på livet, også for dei pårørande.

Linhave har hatt demens i nær familie heile livet.

Mormora og morfaren hadde sjukdommen, samt mora sin onkel, som var som ein ekstra bestefar for Ingrid.

Faren hennar lever også med demens.

Lillebror Rein, pappa Einar og Ingrid

FAMILIEMANN: Veslebror Rein, pappa Einar og Ingrid.

Foto: Privat

– Nå handlar det om å fylle livet hans med flest mogleg gode augneblink, nærleik, smil og latter.

Linhave håper at eit nytt TV-program kan vere med å belyse demensomsorga.

Demenskoret

I NRK-serien «Demenskoret» syng personar med demens saman i eit kor.

Etter å ha jobba med serien, har Linhave sett korleis sjukdommen snur opp ned på livet for dei pårørande.

Ingrid og sju menn synger under ein korøving.

«DEMENSKORET»: Gjennom serien håper Linhave å vise kva slags effekt musikk har på personar med demens.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– I dag fell ofte nesten alt ansvaret for å skape eit godt liv for den med demens på dei næraste. Resultatet er at folk blir så utslitne at dei er heilt i kneståande.

Linhave opplever at eigen familie får god hjelp nå, men legg ikkje skjul på at det til tider har vore vanskeleg.

– Eg veit ikkje kor mange telefonar eg og familien min har måtta ta, og kor mange tårer vi har felt fordi systemet er så innvikla og tilbodet så mangelfullt.

Store forskjellar i tilbod

Blant medlemmene i «Demenskoret» er det stor variasjon i kor mykje tilrettelegging dei har fått og kva slags aktivitetstilbod dei har.

Nokon er fornøgde, andre ikkje.

Linhave reagerer på at dei får så ulikt tilbod ut frå kvar dei bur.

– Berre innanfor Oslo er det store forskjellar på kva for eit tilbod éin bydel har, kontra ein annan. Det har vi bevis på gjennom koret.

Ho trur tilbodet spriker enda meir om ein samanliknar kommunar, fylke og landsdelar.

Elleve kormedlemmer og Ingrid syng på ein korøvelse, saman med korleder Kim

KORØVING: Det finst allereie fleire demenskor rundt om i landet, men Linhave håper det vil komme enda fleire i tida som kjem.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Ifølge Oslo kommune er det kvar enkelt bydel som har ansvar for å gje den enkelte eit tilbod som er forsvarleg.

– Tenestene skal vere likeverdige, men også ta utgangspunkt i kva for eit behov den enkelte har, skriv byrådsavdelinga for helse, eldre og innbyggartenester i ein e-post.

Derfor kan tenestene variere frå person til person, men også mellom bydelar fordi tilbodne kan vere forskjellige.

Må ha flaks

– Det er altfor stor forskjell mellom kommunane.

Det meiner generalsekretær Mina Gerhardsen i Nasjonalforeininga for folkehelsa, som er pasientorganisasjonen for personar med demens og pårørande.

– I dag må du ha flaks og bu på rett stad for å få eit tilbod som passar. Slik skal det ikkje vere.

Mina Gerhardsen

TILPASSA TILBOD: Mina Gerhardsen i Nasjonalforeininga for folkehelsa meiner at kommunane må sørge for at tilbodet møter behovet og at det blir tilpassa den enkelte.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Ifølge organisasjonen har berre ein av tre av dei heimebuande med demens eit aktivitetstilbod.

– Mange manglar tilbod, og av dei som har er det mange som får eit tilbod som ikkje dekker behovet eller treff den som skal bruke det, seier Gerhardsen.

Forventa at dobbelt så mange får demens

Over 100.000 personar har demens i Noreg i dag.

Dei fleste er over 65 år, men også yngre får sjukdommen.

Innan 2050 forventast det meir enn ei dobling av personar med demens, ifølge FHI.

Grunnen er at vi blir eldre.

Programleder Ingrid og korist i Demenskoret Halldis er klare for konsert på Chat Noir.

KORSONG GIR GLEDE: Linhave håper serien vil belyse korleis noko så vanleg som korsong kan vere det mest geniale verktøyet for menneske med demens.

Foto: Julia Marie Naglestad / Nordisk Banijay/NRK

Desto viktigare å gjere noko med demensomsorga, meiner programleiaren.

Ho meiner det handlar om å både forenkle systemet, og sjå dei små tinga i livet.

– Det å hugse kva slags mat personen liker, kva slags TV-program personen pleidde å sjå eller kva slags musikk som fell i smak.

Gjennom koret har Linhave sett kor mykje musikk og samhald har å seie for medlemmene.

Kormedlem Ingrid og programleder Ingrid Gjessing Linhave danser saman under Demenskoret sin konsert i Chat Noir

GLEDE: Programleiar Ingrid og kormedlem Ingrid tar ein dans på ein av konsertane med «Demenskoret».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Noko av det klokaste eg sit igjen med er at vi alle fortener å få fortsette med det vi elska, også om vi skulle få demens. For det er kanskje nettopp da vi treng våre gamle vanar aller mest.

Du kan sjå «Demenskoret» når du vil i NRK TV eller på NRK 1.

Premieren blir sendt sundag 1. januar klokka 21.15. Deretter blir episodane sendt på tysdagar klokka 20.10.