Hopp til innhold

Krev klart svar frå Støre-regjeringa: Hordfast MÅ prioriterast

Det ferjefrie vegsambandet mellom Bergen og Stavanger kan bli nedprioritert i neste transportplan. Nå krev næringslivet at Hordfast ikkje må utsetjast.

Næringslivet i Vestland vil ha Hordfast

SEMJE RUNDT BORDET: 23 næringslivstoppar i Vestland krev at regjeringa held fast ved å prioritere ferjefri-prosjektet Hordfast.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Europaveg 39 med eller utan ferje? Eitt svar kjem før påske.

Då legg Regjeringa fram sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2025–2036. I forkant kjem eit kraftig opprop frå næringslivet i Vestland.

Dei krev at Hordfast – noregshistorias dyraste vegprosjekt – må prioriterast nå.

– Urovekkjande indikasjonar

Dei 23 næringslivstoppane representerer til saman rundt 100.000 arbeidstakarar, og meiner at den viktigaste transportåra på Vestlandet må fortsetta å bli prioritert.

– Vi har fått indikasjonar på at denne regjeringa ikkje vil satse vidare på Hordfast. Det er ekstremt urovekkjande. Då nyttar det ikkje å seie at «lukkast ikkje Vestlandet, lukkast ikkje Noreg». Då må ein også vere villig til å investere i den viktigaste «blodåra» på Vestlandet, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

 konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Regiondirektøren meiner at vegen er naudsynt å få prioritert no.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Omstridd og ønska

Reisa til Hordfast har vore kronglete:

Miljøvernarar meiner prosjektet tar for mykje av naturmangfaldet, at vegen vil gjere det vanskelegare å føre ein nullutsleppspolitikk, og at det blir meir biltrafikk og klimagassutslepp av ny veg.

Kostnaden har vore berekna til 46 milliardar kroner – det dyraste norske vegprosjektet nokosinne – men lenge såg det ut til at den samfunnsøkonomiske nytten var positiv. Så kom klimaberekningane:

Les også Nye klimaberekningar viser negativ samfunnsnytte for motorvegen

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

Næringslivstoppane som har skrive oppropet, kjem i tillegg til ordførarane som i januar gjorde det same.

Ingrid Strand Solheim er administrerande direktør i STS som har kundar i Sunnhordland, Haugesund og Egersund.

– Vi har i tillegg kontor i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Skien og Drammen. Vi treng mobilitet av både gods og folk. I fjor hadde vi 632 flyreiser mellom Bergen og Stavanger. Alle dei kunne vi fått over på veg, seier ho.

Ingrid Strand Solheim, er administrerande direktør i STS

Vi kunne ha hatt færre flygingar mellom Stavanger og Bergen om vegen var klar no.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Vi tolkar signala

Dersom både Hordfast, Rogfast og strekninga i mellom blir bygd ut, kan reisetida mellom Stavanger og Bergen komme ned i to timar. Det er under halvparten av dagens tidsbruk.

Les også Landets dyraste veg er «eitt skritt nærare» bygging

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

– Vi har fått signal om at Hordfast kan bli tatt ut av NTP. Det vil jo vere ein katastrofe for Vestlandet. I regionen vår er dette det viktigaste utviklingsprosjektet i vår tid. At det er usikkerheit rundt det, er veldig problematisk.

Også verftsdirektør Jan Ertesvåg i Aker Solutions fryktar at regjeringa utset Hordfast-prosjektet.

– Vi tolkar signala som at det er fare for det. E 39 er viktig viss vi skal driva innovasjon og vekst dei kommande tiåra.

Regjeringa held korta tett til brystet, og vil førebels ikkje seie kva dei føreslår i NTP. Kva signal eller indikasjonar er det då næringslivstoppane viser til?

– Det er det best at Halleraker svarer på, seier Kjerpeseth.

– Uroleg fordi Hordfast sjeldan blir nemnt

Dagleg leiar Øyvind Halleraker i lobbyorganisasjonen Hordfast AS svarar slik:

– Det blir stadig sagt at vi ikkje kan rekne med same NTP som sist, at det ikkje er plass til så mange store prosjekt, at det er mykje som skal gjerast i Nord-Noreg, at fylkesvegar skal prioriterast, og gang- og sykkelvegar. Og stadig vekk blir det sagt at vi må reparere der vi kan reparere, og bygge nytt der vi må.

– Men har du fått «innsideinformasjon» om at regjeringa utset Hordfast?

– Nei, men det at regjeringa held korta tett til brystet, er kanskje også er eit signal. Vi er litt urolege, for Hordfast blir sjeldan nemnt. Det er eit dårleg teikn. Vi som har vore i gamet ei stund, tolkar det som eit dårleg signal. Eg er bekymra for at vi blir skotne ut i tid.

Kjerpeseth meiner det vil vere «utruleg synd».

– Når Hordfast ein gong blir bygd, er eg ganske trygg på at dette kjem til å bety mykje meir enn vi klarer å sjå føre oss i dag, seier han.

– Ein smakebit

Men administrerande direktør Helge Singelstad i Lacos seier ei vegopning i fjor har gitt eit positivt førevarsel.

– Vi har fått ein smakebit på kva det vil seie å få god veg til Bergen. Med den nye motorvegen mellom Bergen og Os sparer vi 20 minutt kvar veg. Det blir ein revolusjon for verksemdene våre i Fitjar å kunne reise til Bergen på 30–40 minutt, samanlikna med halvannan time i dag, meiner han.

Samferdselsministeren og regjeringa legg fram sitt NTP-forslag for Stortinget før påske. Før det kommenterer dei ikkje korleis dei prioriterer enkeltprosjekt.