Hopp til innhold

Vil ha politibåten attende

Både lokale båtfolk og Redningsselskapet meiner det er ille at det ikkje finst ein einaste politibåt mellom Bergen og Trondheim.

Bjørn Amundsen

KRITISK: Bjørn Amundsen i Redningsselskapet meiner at politiet burde ha fleire båtar tilgjengeleg.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Mangel på ressursar gjer at det ikkje lenger finst nokon politibåt verken i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. Dette får Redningsselskapet, som driv redningsskøytene, til å reagera sterkt.

Viktig element

– Vi driv jo med søk og redningsteneste og treng for så vidt ikkje nokon avtale med politiet om det, men vi kan ikkje gå inn og overta politiet sine oppgåver som kontrollerande myndigheit eller for den del arresterande myndigheit. Det blir heilt feil, seier dagleg leiar for Redningsselskapet sitt distriktskontor i Bergen, Bjørn Amundsen.

Han meiner at ein manglar eit viktig element i redningstenesta når politiet ikkje har båtar tilgjengeleg lenger.

– Når ein ikkje har politibåt lenger og når vi då ser på det vi ellers har av redningsressursar i området, så saknar vi jo ein politibåt.

Bør ha avtalar

Per Arne Furseth og Magnar Sætren i Førde båtklubb er heilt samde med Redningsselskapet.

– Politiet bør ha avtale med Redningsselskapet, lokale fiskarar eller anna folk lokalt som dei kan bruke og som kan rykke ut raskt. Det er viktig når det skjer noko, for da skjer det veldig fort, meiner dei røynde båtfolka.

Politiet har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til denne saka.