Hopp til innhold

På intensiven med moderate skader

Ein 16 år gamal gut ligg på intensivavdeling med moderate skader etter båtulukka i Florø i går.

Båtulykke i Florø

DRAMATISK ULYKKE: Ein båt køyrde rett over ein annan båt i ei ulykke tysdag kveld.

Foto: Truls Kleiven

To gutar vart tysdag kveld sende til Førde sentralsjukehus etter at to speedbåtar kolliderte i Brandsøysundet i Florø.

Ifølgje akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) har den eine fått moderate skader og ligg på intensivavdelinga, medan den andre 16-åringen berre har fått lettare skader.

Augevitne fortel overfor NRK at den eine båten køyrde over den andre, då båtane kolliderte ved 21-tida tysdag kveld.

Det vart slege full alarm med ambulansar, politi og brannvesen då politiet fekk melding om ulykka.

I alt var tre personar involverte i ulykka. Ein mann i 40-åra er mistenkt for å ha køyrt med promille.