NRK Meny
Normal

Har ikkje pengar til båtkontroll

I fjor kontrollerte politiet 8792 båtførarbevis i Norge. Det er berre fire prosent av alle båtførarane, som er registrert i båtførarregisteret. Pengemangel gjer at politiet ikkje kan prioritere slike kontrollar.

Politibåten i Kristiansand

KONTROLL: Politiet har ikkje fått ekstra ressursar til å kontrollere båtsertifikat, etter innføringa 1. mai i fjor. Enkelte stader er økonomien så skral at politibåten kan bli ståande på land i sommar. Bilete viser politibåten i Kristiansand.

Foto: Reidar Mosland / NRK

Ansvarlig for sjøtjenesten i Politidirektoratet, Sveinung Stangeland

Ansvarleg for sjøtenesta i politidirektoratet, Sveinung Stangeland.

Foto: Lorentz Berg / NRK
Åse Michaelsen

Stortingsrepresentant Åse Michaelsen.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

– Førarkortkontrollen er ein del av den generelle kontrollen, som politiet driv til sjøs, seier politimeister Sveinung Stangeland til NRK.no.

– Ein kan planleggje eigne kontrollar lokalt, dersom ein har grunn til det. Men det er ikkje gjeve ekstra midlar til denne typen kontroll, etter at sertifikatet vart innført i fjor. Difor ser vi på dette som ein del av den ordinære kontrollverksemda, seier han.

Tok 74 førarar

Av dei nesten 9000 båtførarane, som vart kontrollert i fjor, tok politiet 74 personar utan båtførarbevis. I mai hadde politiet teke to personar utan gyldig båtførarbevis så langt i år.

– Det viser iallefall at vi representerer ein trugsel mot dei som køyrer utan båtførarbevis, seier Stangeland.

Stortingsrepresentant Åse Michaelsen (Frp), som også sit i justiskomitéen, etterlyser meir ressursar til å kunne drive kontroll av båtførarbevis til sjøs.

– Politiet må få tilført ressursar til å kunne utøve myndigheit også på sjøen. Det er uhaldbart at mange politibåtar ligg til kai og ikkje er ute på sjøen, seier Michaelsen til NRK.no.

Mandal er ein av byane, som risikerer å stå utan politibåt i sommar. Grunngjevinga frå politiet er pengemangel. Dermed er det frivilleg mannskap, som truleg må ivareta sikkerheita på sjøen i sørlandsbyen denne sommaren.

– Politibåten har ein preventiv effekt, ein dempande effekt på heile miljøet. Folk har meir respekt når dei ser politibåten. Når det er snakk om økonomi, så gjer det dette endå meir trist, seier skipper Per Bentsen på redningsskøyta «Hvaler».

Politibåt i Mandal til kai

TIL KAI: Her kan politibåten i Mandal bli liggjande i sommar. Pengemangel gjer at politiet ikkje har råd til å vere ute på sjøen.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Vil ha synleg politi

I ei undersøkjing Norstat gjorde for eitt år sidan, kom det fram at synleg politi er det viktigaste for at folk skal ta båtførarlappen.

46 prosent av dei spurte svarte at det må fleire politikontrollar til på sjøen for at dei skal ta båtførarprøva. 44 prosent av båteigarane svarte at eit anna verkemiddel er redusert utbetaling på forsikring, dersom ein kjem ut for eit uheller eller ei ulykke.

Emma Elisabeth Vennesland

Emma Elisabeth Vennesland, If Skadeforsikring.

Foto: Pressebilde / If

– Båtførarar utan naudsynt båtføraropplæring må vere klar over at dei ved skade kan få redusert erstatning dersom det er årsakssamanheng mellom skaden og manglande båtførarkunnskap, seier assisterande informasjonsdirektør i If Skafeforsikring, Emma Elisabeth Vennesland.

– Eit døme på dette er ei grunnstøyting der kunnskap om enkel navigering manglar. Båtførar må også vere budd på å ta delar av kostnadene ved eventuell skade, som dei påfører andre, legg ho til.

– Ikkje prioritert

Like før innføringa av båtførarbeviset i fjor, kom det fram at politiet ikkje ville prioritere kontroll av båtførarbevis.

– Vi kjem ikkje til å stå i eit smalt sund og stanse båtar for å sjekke om folk har båtførarbevis, men vi kjem til å be om dette når vi stansar båtar i samband med andre kontrollar, sa leiar for Agder-politiet si båtteneste, Kenneth Fidjeland.

Slik er ståa også i år. Kontroll av båtførarbevis er ikkje ei tydleg prioritert oppgåve i politiet.

– Som sagt er kontroll av båtførarbevis ein del av den generelle kontroll, seier politimeister Sveinung Stangeland.

Video Fire av fem mangler båtførerbevis

VIDEO: Sjå video frå innføringa av båtførarbeviset i 2010.

Vil ha inn båtpraksis

Tidlegare sjøfartsdirektør Rune Teisrud, vil ha praksis inn i båtlappen. I dag må du kun ta ei teoretisk prøve, dersom du er fødd etter 1980, for å kunne føre ein båt lovleg. Stortingsrepresentant Åse Michaelsen støttar langt på veg forslaget.

– Det må vi sjå nærare på. Uansett er det viktig at vi har kvalitet i opplæringa. Det ser vi i forhold til å bli sjåfør på vegen, men det må også gjelde til sjøs, seier ho.

Tidlegare har også sensor og lærar i båtførarfaget Erlend Kondradsen etterlyst praksis i båtopplæringa.

– Vi har kun teoretisk opplæring og dei praktiske ferdigheitene vert ikkje målte. Det er klart det er mangelfullt. Det er fleire vi underviser som vi forstår burde hatt meir praktiske ferdigheiter, sa han.

Rune Teisrud føreslo også å få båtopplæring inn i grunnskulen etterkvart. Michaelsen er usikker på om det høyrer heime der.

– Det er ikkje det offentlege sitt ansvar å gje opplæring i verken bil eller båt. Det er klart at dette kunne vere aktuelt å tilby i samand med eit valfag, som no muligens skal innførast på ungdomstrinnet. Det er alltid godt å lære ungdommen noko om haldningar, seier ho.

– Sunt vett

Båtliv

PRAKSIS: Fritidsbåtane vert stadig større, dyrare og kraftigare. Det stiller endå større krav til båtføraren.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Eg vil ikkje seie nei til dette utan vidare, men eg trur vi skal sjå litt på kva som skal vere det offentlege sitt ansvar, og kva som skal vere den enkelte sitt ansvar, seier Michaelsen.

Åse Michaelsen trur uansett at innføringa av båtførarbeviset vil få ned talet på fritidsbåtulykker på sikt.

– Ha sunt vett og set deg inn i lover og reglar, og ha dette på plass. Då kan vi unngå ulykker som vi har hatt dei siste åra. Dette gjeld ikkje berre ungdom, men også vaksne personar, seier stortingsrepresentanten.